Klimamotivert folkehøgskule

På Fjordane folkehøgskule bryr vi oss om menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.

Kvar dag prøvar vi derfor å ta gode valg for å bidra til ei betre framtid. Derfor kallar vi oss for klimamotivert folkehøgskule. Vi jobbar aktivt med å redusere klimaavtrykket vårt og skape eit berekraftig fellesskap. Vi er sjølvsagt sertifisert Miljøfyrtårn-bedrift.

Her lærer du korleis små handlingar kan føre til store endringar, og du får sjølv moglegheita til å vere med å gjere ein forskjell for andre.

Vi bryr oss

Kortreiste turar

Kvifor reise langt og setje djupe klimaavtrykk når vi bur midt den vakraste naturen i verda? Med fjord, fjell og hav rett utanfor døra, tar vi ofte turen ut. Det treng ikkje alltid vere lange krevande turar. Vi kosar oss ofte rett utanfor skulen, der vi fyrer opp bål og lagar mat ute. Får vi lyst, overnattar vi gjerne under open himmel.

Når linjene våre reiser til utlandet, vel vi helst buss og tog framfor fly. Det er eit bevisst valg for å redusere karbonavtrykket vårt. Moderne bussar er energieffektive med lågare utslepp og derfor eit meir miljøvennleg alternativ.

Sjølve reisa tek lengre tid, men vi ser til gjengjeld meir. Vi får reise gjennom variert landskap og sjå meir av landa. Det blir stopp og pausar for å oppleve kulturen.

Bussreiser er veldig sosialt og ein fin måte å bli endå betre kjent med kvarandre på.

Buss framfor fly

Sanke og hauste

I drivhusa og kjøkkenhagen vår dyrkar vi eigne grønsaker. I sesong får du smake på økologiske poteter, jordbær, urter og grønsaker. Vi har også sjusteinsomn og lagar gjerne pizza med det vi haustar.

Kvar haust har vi matveke, med fokus på alt vi kan ete frå naturen. Det er alt frå bær, sopp, fisk og av og til hjort. Den sjølvpressa eplemosten av nedfallsfrukt er alltid populær!

Kjøkkenet vårt

Kjøkkenet vårt har Debio-godkjenning i bronse, som vil seie at minst 15 % av maten vi serverar er økologisk.

Kokkane våre handlar lokale og sesongbaserte råvarer så langt det let seg gjere. Elevane får servert fire måltid om dagen, med vegetar- og veganske alternativ kvar dag. Kvar måndag er det vegetar-dag.

Skulen er også Fairtrade-sertifisert. Det betyr at vi støttar rettferdig handel og betre vilkår for bønder og arbeidarar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Dette er viktig for eit meir berekraftig jordbruk og betre liv på jorda.

Jul på Fjordane

Gjennom året gjennomfører vi ulike prosjekt som handlar om gi noko av seg sjølv til andre, for eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Jul på Fjordane er eit arrangement der elevar og tilsette inviterer små og store i lokalsamfunnet til skulen for å gi dei (og oss sjølve) ei hyggjeleg førjulsstund.

Borna får ri på hest, vi har ansiktsmaling og eventyrstund, vi har julemarknad og salg av mat og drikke som smakar jul.

Delar av overskotet går alltid til ein veldedig organisasjon, som Redd barna eller Dråpen i havet. Dei siste åra har vi gitt overskotet til “Prosjekt Filippinene”.

Gjennom prosjektet skal vi i løpet av skuleåret arbeide for å betre oppvekstvilkåra til born og unge på Filippinene. I februar får du sjansen til å oppleve på nært hald korleis innsatsen din er med å gjere ein forskjell og du vil kjenne på gleda av å hjelpe andre.

— Å kome så tett på ein annan kultur, natur og kvardag set spor. Eg sit igjen med sterke minner, og opplever at vi alle har fått eit nærare samhald og eit meir ope sinn. Simone | Elev på Movement X Modern Circus

Prosjekt Filippinene

Siste nytt