Fjordane folkehøgskule feirar 150 år
Velkomen tilbake til Fjordane folkehøgskule, fredag 28. august!
Fredag 28. august feirar Fjordane folkehøgskule 150 år. No håpar vi å fylle skulen med tidlegare elevar, tilsette og vener av skulen som vil vere med og feire.
Sidan 1876 har over 9 000 elevar gått på Fjordane folkehøgskule. Nokon fann ein bestevenn her. Andre oppdaga ei ny interesse eller fekk mot til å satse på lidenskapen sin, og sit framleis igjen med gode historier frå eit år dei aldri gløymer.
Program for dagen
Kl. 15:00 | Velkomen til Fjordane folkehøgskule Open skule, med kaffi og kaker. Her kan du ta turen innom, sjå skulen igjen og kanskje møte nokon du ikkje har sett på mange år.
Kl. 17:45 | Dørene opnar Registrering og mingling
Kl. 18:00 | Festkvelden startar Det blir jubileumsmiddag med god mat, underhaldning og musikk
Kl. 23:00 | Etterfest på Magnifikk
Jubileumsfeiringa er gratis. Reise og eventuell overnatting må du dekke sjølv.
Meld deg på innan 21. august
Det er avgrensa med plassar til jubileumsmiddagen, og påmeldingsfristen er fredag 21. august.
Så, finn fram den gamle klassechatten eller send ei melding til nokon du ikkje har sett på ei stund og ta turen heim til Fjordane.
Vi håpar vi ser deg igjen.