Vi feirar 150 år!
I 150 år har Fjordane folkehøgskule vore ein stad å høyre til. No inviterer vi deg til å feire historia, fellesskapet og alle menneska som har gjort skulen til det den er i dag. 🎉
Du er invitert til jubileumsfest!
For 150 år sidan vart Fjordane folkehøgskule etablert som ein motpol til den latinske puggeskulen. Gjennom generasjonar har over ni tusen unge vaksne kome hit for å lære, utforske og utvikle seg.
I dag byggjer vi vidare på denne arven med eit stort og variert fagtilbod, og med ein ambisjon om å vere den mest allsidige folkehøgskulen i landet.
No inviterer vi tidlegare elevar, tilsette, samarbeidspartnarar og vener av skulen til å feire historia saman med oss. Hjelp oss gjerne å spre ordet!
Velkomen!
Vennleg helsing frå Silvia | Rektor
Program
FREDAG 28. AUGUST | FJORDANE FOLKEHØGSKULE
Kl. 15:00 | Velkomen til Fjordane folkehøgskule Open skule, med kaffi og kaker.
Kl. 17:45 | Dørene opnar Registrering og mingling
Kl. 18:00 | Festkvelden startar Det blir jubileumsmiddag med underhaldning som trimmar lattermusklane, gode historier og musikalske innslag.
Kl. 23:00 | Etterfest på Magnifikk
Antrekk: Kle deg til fest.
Pris: Gratis (reise og overnatting må du dekke sjølv)
Påmeldingsfrist: Seinast 21. august. Det er begrensa plassar, så det er førstemann til mølla.
Påmeldingsskjema
For å melde deg på, fyll inn skjemaet under. Påmeldingsfrist er fredag 21. august.
Kva hugsar du best frå året ditt på Fjordane folkehøgskule?
I 150 år har tusenvis av elevar sett spor etter seg på Fjordane folkehøgskule. No håpar vi du vil vere med og fortelje historia vidare.
Del gjerne eit minne frå skuletida di, stort eller lite. Kanskje handlar det om ein venn du møtte, ein lærar som gjorde inntrykk, ei reise du aldri gløymer eller ei oppleving som endra noko i deg.
Har du gamle bilete, klassebilete eller andre skattar frå tida di på Fjordane? Vi blir veldig glade om du deler dei med oss. Nokre av historiene og bileta vil bli viste på nettsida, i sosiale medium og under jubileumsfeiringa, slik at vi saman kan løfte fram 150 år med minner, menneske og fellesskap.
Del ditt beste Fjordane-minne
Det starta i Gloppen
Fjordane folkehøgskule blir grunnlagd. Målet er å gi unge menneske meir enn kunnskap. Eit rikare liv, rom for sjølvstendig tankegang og tru på eigne val.
Eit nytt kapittel i Innvik
Etter ti år flyttar skulen til Innvik. Folkehøgskulen veks vidare som ein møteplass for læring, kultur og samfunnsliv.
Nordfjordeid blir heimen
Ved inngangen til eit nytt hundreår flyttar skulen til Skibenes på Nordfjordeid. Her finn han sin faste plass, og blir ein viktig del av lokalsamfunnet og identiteten til Nordfjordeid. Her er nokre av elevane frå 1907/08-kullet avbilda.
Ein skule for heile Nordfjord
I fleire tiår er Fjordane folkehøgskule ein stad der ungdom frå heile regionen møtast. Skulen blir ein kulturheim med song, musikk, foredrag, handverk og engasjement som set spor langt utover skuleåret. Skulen var stengt frå 1940-1945. Det var stort behov for nye lokaler, og stod ferdig i 1948. Bygget vart kalla for "Knoken" og elevane for "Knokarane"
Brannen som endra alt
Hovudbygget blir øydelagt i brann den 1. februar. Alt historisk materiale går tapt, men internatet står igjen.
Frå oske til ny framtid
Den 28. november 1975 var det offisiell opning av det nye skulebygget. Skulen ser framover, med same verdiar og nye moglegheiter. Linjer var friluft, musikk, sosial, barnehage, teater og norskopplæring.
Nye interesser. Nye linjer.
Fjordane utviklar seg i takt med samfunnet. Tradisjonelle fag får følgje av nye linjer, og fleire ungdommar finn eit tilbod som passar akkurat dei. Hestelinja kom i 1987 og sirkuslinja i 1997.
Verda kjem tettare på
Internasjonale samarbeid og studiereiser blir ein naturleg del av skuleåret. Elevane møter nye kulturar, utfordrar seg sjølve og tek med seg opplevingar for livet.
Endå fleire moglegheiter
Nye linjer kom. Bu og fritid kom i 2013 og vikingliv i 2016.
150 år med kraft, mot og retning
I 2020 kom musikken tilbake i gangane med musikal-linja, samt friluftsliv i 2021, og søm og strikk såg dagens lys i 2023, som følgje av auka fokus på berekraft. Desse linjene bidreg til at Fjordane folkehøgskule er ein av dei mest allsidige folkehøgskulane i landet. I 150 år har Fjordane folkehøgskule vore meir enn ein skule. Han har vore ein møteplass, ein kulturberar og ein viktig del av historia til Nordfjord. Her har over nitusen unge menneske funne vennskap, meistring og retning vidare i livet.
Historia på 2 minutt
Våre fantastiske kokkar vil sørge for god mat!
Spørsmål og svar
-
Du melder deg på via dette skjemaet.
-
Sjølvsagt! Legg det inn i skjemaet når du registrerar deg.
-
Sjekk ut desse:
Nordfjord Hotell – fullt
Om du syns det er greit å sove på liggeunderlag, så er det mogleg å overnatte i eit klasserom på skulen.
-
Jubileumsfeiringa kostar ingenting, men du må dekke reise og overnatting sjølv.
Kva seier elevane våre?