Ny linje på Fjordane folkehøgskule: Funksjonell trening 

Frå og med hausten 2026 kan du vere med på den heilt nye linja funksjonell trening!

Frå hausten 2026 kan du søke deg inn på den heilt nye linja Funksjonell trening ved Fjordane folkehøgskule. 

Publisert: 15.10.2025.

Dette er linja for deg som likar å trene og som vil bli sterkare, både fysisk og mentalt.  

– Vi ser ein tydeleg vekst i interessa for trening, helse og livsstil blant ungdom, fortel linjelærar Heidi Merete Sægrov-Øygard.   

– Målet vårt er å gje elevane eit år der dei får trene variert, lære korleis trening, kosthald og kvile heng saman, samtidig som dei får oppleve alt det fine som folkehøgskulelivet har å by på. 

Funksjonell trening får elevane jobbe med styrke, kondisjon, mobilitet og ernæring gjennom eit heilt år. Undervisninga er praktisk og variert, frå styrkeløft, hinderløype, løpeteknikk og yoga til turar i fjellet. 

Elevar får tett oppfølging og hjelp til å setje personlege mål, og mange opplever eit løft både i motivasjon og meistring. 

– Det handlar ikkje berre om å bli sterkare, men om å forstå kroppen og få gode vanar som varer, seier Heidi. 

Linjeturen går til Gran Canaria, der trening blir kombinert med sol, bading og avslapping. Gjennom året blir det også fellesturar, konkurransar og fellesprosjekt saman med andre linjer. 

Funksjonell trening er den niande linja på Fjordane folkehøgskule, og passar godt inn i profilen til skulen, som har fokus på aktivitet, læring og fellesskap. 

Opptaket til hausten 2026 er no i gang. Les meir om linja og søk plass her

Eit av høgdepunkta er treningsturen til Monte Feliz. Foto: Fontefeliz.com

Neste
Neste

Fjordane folkehøgskule i ny drakt!