Søm og strikk
Drøymer du om å sy og strikke dine eigne kle, vere i eit kreativt miljø og finne din eigen stil? Her vil du lære ulike teknikkar og lage di eiga garderobe.
Lær å sy og strikke dine eigne kle
På søm og strikk lærer du å sy dine eigne kle heilt frå scratch, uavhengig av forkunnskap. Linja passar for deg som er interessert i søm og kreativitet. Eit år på Fjordane vil gje deg kunnskap og ferdigheitar du kan bruke resten av livet, rett og slett, nyttige lifeskills.
Linja har eige syrom som er ope dag og kveld. Kvar elev har si eiga symaskin. Vi avsluttar året med eit moteshow der du får vise fram di nye garderobe.
Dette får du vere med på:
👗 Konstruere kle som er tilpassa din kropp
Lær korleis du tek mål, lagar grunnmønster og tilpassar snitt slik at plagget får god passform og ein stil som passar deg.
🧵 Sy av metervare etter ferdige mønster
Du skal lære å lese og forstå ferdige mønster, klippe ut stoff og setje saman delane til eit ferdig plagg.
✂️ Utforsk ulike sy-teknikkar
Du får øve på både enkle og avanserte sømteknikkar, frå handsøm til å lære deg og beherske symaskina godt.
👘 Sy di eiga festdrakt
Du får lære om materialvalg, sømteknikkar og detaljar som brodering og montering.
🪡 Redesign
Du lære å ta vare på det du har, frå å reparere hol, endre snitt, bruke restar og gi nytt liv til gamle plagg.
⛰️ Turar i inn- og utland
Bli med på inspirasjonsturar til skjulte perler i nærområdet, besøk til små produsentar og utenlandstur i Europa.
Dette vil du lære
Vi er opptatt av å tileigne oss ny kunnskap og inspirasjon. Difor fartar vi rundt, både lokalt i Nordfjord, men også på litt lengre turar. På desse reisene skal vi for eksempel på jakt i secondhand-butikkar! Vi leitar etter gamle skattar som kanskje kan få eit nytt liv i dine hender.
Konstruere mønster tilpassa din eigen kropp
Lære ulike sy-teknikkar
Sy av metervare etter ferdige mønster
Jobbe med ulike fargekombinasjonar, mønster og garnkvalitetar.
Utforske oppskrifter med alternativt garn
Lage eigne mønster til plagg
Reparere, redesigne, modifisere mønster og jobbe med restegarn
Handfarge garn
Når ein skal lage sin eigen garderobe, er kreativ strikking ein naturleg del av prosessen. Strikking kan både gjerast avansert, leikent, lett, meditativt, avslappande, kreativt og regelbunde. Det er opp til strikkaren!
Kven passar linja for?
Du likar å vere kreativ og ønsker å sy og strikke dine eigne kreasjonar. Det krevst ingen forkunnskap for å starte på linja.
Våre forventningar til deg
Du vil lære noko nytt
Du har lyst til å utvikle deg
Du har ei positiv innstilling
Du tar ansvar og vil bidra til eit godt fellesskap, både på turar og på skulen.
Turar og opplevingar du får vere med på
Møt Ingeborg
Lærar | Søm og strikk
Ingeborg har vore lærar på Fjordane folkehøgskule sidan 2003, og var sjølv elev her på hestelinja for mange år sidan.
Ho er utdanna allmennlærar, med vidare utdanning frå Norsk Hestefagskule Starum, køyretrenar 1 i NRYF og sensor for kuskesertifisering.
Ho likar å ta vare på gamle teknikkar og formidle gleda ved å strikke. Ingeborg vil lære deg å farge ditt eige garn av naturlege råvarer og ho står bak strikkemønsteret til Fjordane gensaren.
Når Ingeborg ikkje er i klasserommet, finn du ho gjerne ute på tur i fjellet saman med hunden sin eller i sofakroken med strikketøyet sitt.
Lærar | Søm og strikk
Heidi har vore lærar på Fjordane sidan 2019 og har ein solid kombinasjon av fagleg tyngde og praktisk erfaring. Ho har bachelor i vernepleie frå Høgskulen på Vestlandet, vidareutdanning i psykisk helse og folkehøgskulepedagogikk frå USN. I tillegg har ho studert design, redesign og saum av klede ved Rauland.
Ho hjelper elevane med å finne sin eigen stil og uttrykk. For Heidi handlar søm og strikk å lage kle som varer og som betyr noko.
Når symaskina får kvile, finn du ho gjerne på fjellet eller i snøven på snowboard, i badstua eller på kjøkkenet med noko godt på gang. Ho elskar handball, søm, strikk, matlaging og å slappe av med ein god serie etter ein aktiv dag.
Møt Heidi
Kva seier elevane våre?
Slik søke du
1. Fyll ut søknadsskjemaet
Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.
2. Søknaden din behandlast
Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.
3. Svar ja eller nei til plassen
Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.


