Funksjonell trening

Er du klar for å få deg ein skikkelig energiboost? Her skal du bli god på både å yte og nyte. Høgdepunktet for mange er treningsturen til Monte Feliz på Gran Canaria!

Bli med

Yt og nyt!

Dette er linja for deg som likar å trene og vil bruke året på å bli sterkare og utfordre deg sjølv.

Her får du variert trening, tett oppfølging og lære korleis trening, kosthald og kvile heng saman. For sjølv om vi trenar mykje, veit vi at søvn, mat og kvile er like viktig for framgang.

Du får òg kjenne på det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetar, opplevingar som du aldri vil gløyme, og ikkje minst, det sosiale samhaldet.

Vi samarbeider tett med dei andre linjene på folkehøgskulen vår. Det blir felles klatre- og surfeturar med friluftslivlinja, løpe- og balansetrening med sirkuslinja, og felles aktivitetar som isbading og sauna for dei aller tøffaste. Her blir du ein del av eit større fellesskap, og du vil bli kjent med mange nye menneske.

På treningsplanen får du

💪Trening, trening, trening!

Her blir det alt frå olympisk vektløfting, til kroppsvektøvingar, hinderløyper og kondisjonstrening.

🧘‍♂️Mobilitet og fokus

Gjennom året får du jobbe med både kropp og hode,
og korleis du tek vare på kroppen din etter trening.

🍎Kosthald og kvile

Lær korleis søvn, ernæring og restitusjon påverkar framgangen din.

🏄‍♂️ Turar til skjulte perler i nærområdet

Når været er bra tar vi gjerne treningsøkta ute, med
turar på fjellet eller surfing i Hoddevika.

🌆 Tur til HYROX i Oslo

Test deg på ein av dei tøffaste konkurransane innanfor funksjonell trening!

🌴Treningsreise til Monte Feliz

Dette blir ei veke med knallharde treningsøkter og velfortjent avslapping ved bassenget eller stranda.

Dette vil du lære:

Her får du lære deg teknikk, bygge kapasitet og teste grensene dine. 

  • Teknikkar innan styrke og uthald: Du får lære korleis du trenar med riktig teknikk og kvalitet i kvar øving.

  • Lage og følge eigen treningsplan: Du får kunnskap til å sette opp ein plan som passar for deg, med realistiske mål, struktur og progresjon.

  • Samanheng mellom søvn, mat og kvile: Lær korleis kvardagsvanane dine påverkar treninga og kroppen din, og korleis du kan lage ein livsstil som gir deg energi og balanse for best framgang over tid.

  • Mental styrke: Du får lære korleis du held motivasjonen oppe, bygge mental motstandskraft og handtere utfordringar. Vi jobbar med fokus, stressmeistring og enkle massasjeteknikkar som hjelper deg å ta vare på kroppen og unngå skadar.

Her trenar vi

Treningsbasen og gymmen vår er på Hamna treningssenter, som vi samarbeidar tett med. Her har vi full tilgang til topp treningsfasilitetar, med WODBOX270 kvm, svært buldrerom, yogarom, spinningsal og frivektrom for å nemne noko!

Skulen har også eit godt utstyrt treningsrom som du kan benytte når du vil. Vi reiser òg på besøk til andre klubbar i området og trenar med dei.

Kven passar linja for?

Linja passar for deg som vil trene variert, presse deg sjølv og oppleve meir enn berre gymmen. Passar om du er nybyrjarar eller har erfaring, men fellesnemnaren er at du likar trening!

Våre forventningar til deg

  • Du vil vere ein god treningskamerat, bidra til god teamspirit og bygge et godt klasse- og skulemiljø.

  • Du er villig til å presse deg sjølv og teste eigne grenser.

  • Du møter opp til timane og aktivitetane med ei positiv innstilling.

  • Forkunnskap er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, ha lyst til å trene og klar for å prøve noko nytt.

Søk her

Sjekk ut den digge maten vår på Instagram!

Møt Heidi

Lærar | Funksjonell trening

Heidi har vore lærar på Fjordane folkehøgskule sidan 2019 og har ein solid kombinasjon av fagleg tyngde og praktisk erfaring. Ho har bachelor i vernepleie frå Høgskulen på Vestlandet, vidareutdanning i psykisk helse og folkehøgskulepedagogikk frå USN. I tillegg har ho studert design, redesign og saum av klede ved Rauland.

Med bakgrunn frå idrett og treningslære på vidaregåande, samt fleire års erfaring med både styrketrening, yoga og lagidrett, er ho ein engasjert og kunnskapsrik lærar som pushar elevane til å yte sitt beste når det kjem til trening.

Når Heidi ikkje er på treningsrommet eller på handballbana, finn du ho gjerne i fjellet, på snowboard, i badstua eller på kjøkkenet med noko godt på gang. Ho elskar handball, trening, sy og lage mat, og ikkje minst, å slappe av med ein god TV-serie etter ein aktiv dag.

Snakk med Heidi

Lærar | Funksjonell trening

Veera er utdanna fysioterapeut og har ei sterk interesse for kropp, bevegelse og trening. Ho kombinerer fagkunnskap med eit brennande engasjement for å hjelpe elevane med å finne balanse mellom styrke, teknikk og kvile.

I undervisninga legg ho vekt på god kroppskontroll, bevisstheit i bevegelse og korleis små justeringar kan gi stor framgang. Ho er opptatt av at du skal forstå korleis kroppen fungerer, og oppleve både meistring og glede undervegs.

Når Veera ikkje trenar finn du ho i eit kaldt vatn. Veera diggar nemleg å isbade, etterfulgt av ei varm sauna. Ellers likar ho å bake medan ho høyrer på finsk radio.

Møt Veera

Snakk med Veera

Møt Kristine

– Det faglige nivået på skolen er ekstremt høyt. Jeg har lært så utrolig mye i sirkustimene. Vi trener masse og det er rett og slett dritbra, seier Kristine.

Kristine | Elev 2024-2026

Les heile historia

Litt om kvardagen på skulen

Sjekk ut

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Send søknad

Kva seier elevane våre?

Bli kjent med oss på Instagram