Strandryddeseilas | Vestlandskysten
På strandryddeseilaset får du:
Vere med og rydde strendene for plast og søppel
Sette garn og krabbeteiner
Fiske
Lage mat av sjølvfanga råvarer
Segle med Loyal, verdas eldste galeas
Småturar til lands og til vanns
Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den flotte restaurerte galeasen "Loyal".
Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap. Loyal har lugarar, toalett og fullt utstyrt bysse. Etter ein lang dag på sjøen lagar vi mat saman, pratar og planlegg neste etappe.
Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv!
Psst! Visste du at ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet. Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!