Hest og rytter

Vil du utvikle deg som hesteperson og lære av dei beste? Med erfarne lærarar og mykje praksis får du styrke samspelet mellom deg og hesten, uansett kva nivå du startar på.

Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur
Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur
Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur
Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur
Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur

Høg fagleg kvalitet

Dette er linja for deg som vil bli ein bevisst og kompetent rytter, og som vil bruke mykje tid saman med hesten. Her blir du ein del av eit erfarent og anerkjent hestemiljø.

Du får prøve alt innan hestesporten for å utvikle deg som rytter. Vi vil bruke tid på samspelet mellom deg og hesten. Det er viktig for at du skal forstå korleis hesten blir påverka av deg og tolke signala den gir.

Fjordane folkehøgskule har lange tradisjonar med hest og er kjent for høg faglege kvalitet. Hos oss handlar riding om å forstå, samarbeide og utvikle seg saman med hesten.

Her møter du lærarar som verkeleg kan faget sitt. Teamet består av autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, ryttarar og mykje meir! Vi har tilgang til veterinær og spesialistar innan tannhelse og kiropraktikk, og kvart år kjem det ein saltilpassar på besøk.

Dette kan du sjå fram til

🏇 Utanlandstur til Portugal og Danmark

Bli med til ein førsteklasses rideskule i Lisboa og opplev hingstekåringa for Dansk Varmblod i Herning.

🐎 Fokus på deg og hesten

Her har vi fokus på hestevelferd og gode rutinar som gjer at både du og hesten har det bra.

💪 Regelmessig trening

Du får trene mykje og får tett oppfølging av våre dyktige lærarar.

💛 Dele lidenskapen din med likesinna

Her blir du ein del av eit engasjert og sosialt miljø der alle delar lidenskapen din for hest og riding.

🏆 Hingsteutstilling på Nordfjordeid

Bli med og hjelp til på den årlege hingsteutstillinga.
Her blir det mønstring, testriding og køyring.

🐴 Delta på Agria Oslo Horse show

Jobb “backstage” og få tilgang til heile arrangementet.

Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur

Dette vil du lære:

Dette året kan bli starten på vidare studiar og der du finn di retning.

  • Grønt kort: Du får sjansen til å ta “Grønt kort” som er kompetansebeviset frå Norges Rytterforbund. Med dette beviset kan du delta i konkurransar og det viser at du har god kunnskap om hestehald og sikkerheit.

  • Hestevelferd i praksis: Du får lære korleis du tek vare på hesten gjennom dagleg stell, fôring, trening og kvile. Fokuset er at hesten skal ha det bra.

  • Korleis få eit godt samspel med hesten: Du får innsikt i kommunikasjon, tillit og samarbeid mellom hest og ryttar. Målet er å forstå korleis du påverkar hesten og at du kan tolke signala den gir deg.

  • Ryttertrening og konkurranseriding: Du får individuell oppfølging for å utvikle sits, balanse og teknikk. Vi øver på alt frå grunnleggjande ridning til førebuing til konkurransar.

  • Dressur, sprang og feltritt: Du får praktisk trening i dei klassiske greinene innan ridesporten.

  • Longering og tømmekøyring: Du lærer køyring med hest og arbeid frå bakken.

  • Utstyrslære, hovpleie og beslag: Du får kjennskap til korleis utstyr, sal og hovpleie påverkar hesten sin komfort og prestasjon, og lærer korleis du tek vare på utstyret.

Lærarane følger deg tett og tilpassar undervisninga til ditt nivå. Gjennom fokus på sits, balanse og forståing for korleis du verkar inn på hesten, kan du utvikle god rideteknikk og eit harmonisk samspel med hesten. For jo betre du meistrar teknikken, desto betre rytter blir du for hesten.

Kven passar linja for?

Linja passar for både deg som er nybegynnar og deg som er erfaren. Her får du eit solid grunnlag for vidare utdanning innan hestefaget, veterinæryrket eller studier mot husdyr- og landbruksfag.

Våre forventningar til deg

  • Du er motivert og interessert i hest

  • Du deltar aktivt i undervisninga, både på ridebana og i teori

  • Du møter opp i stallen med ei positiv innstilling og vil bidra til eit godt miljø, både i klassen og på skulen

  • Du er opptatt av at hesten skal ha det bra

  • Du er open for læring

  • Du vil prøve nye ting – "Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert", Pippi Langstrømpe mentalitet

Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur
Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur

Med eller utan hest?

Om du ikkje har eigen hest, fortvil ikkje! Du kan låne ein av våre skulehestar. Desse fjordhestane er utruleg gode læremeistrar, sterke, uthaldande og samarbeidsvillige. Du får ansvar for hesten som om den er din eigen, med både stell og utstyr. Du kan også bruke den på stemner om du vil det.

Norsk Fjordhestsenter, Hest og rytter, hest, riding, fjordane folkehøgskule, fjordhest, stall, natur

Fasilitetar

Vi har full tilgang til Norsk Fjordhestsenter sitt hestesportanlegg, der all praktisk og teoretisk linjeundervisning føregår. Her er:

  • Oppstallingsplass til 44 hestar

  • To store ridehallar

  • Ei stor utandørs køyre/sprangbane

  • Terrenghinder for feltritt og maraton

  • Heildagspaddocker

  • Sprang- og dressursaler til skulehestane

  • Vaskespilt

  • 6 maratonselar, 5 roadcarter og 2 maratonvogner

  • Gode moglegheiter for å ri tur på fritida

Ofte stilte spørsmål

Sjekk ut @hestfjordanefhs på Instagram!

Turar og opplevingar du får vere med på

Lærar | Hest og rytter

Mona har vore lærar på Fjordane folkehøgskule sidan 2005 og har lang erfaring frå både norsk og internasjonal ridesport. Ho er utdanna ridelærar gjennom British Horse Society (stage 1, 2, 3 & PTT), hestefaglært og godkjend dressurdommar for Norges Rytterforbund. Ho har også PPU frå NMBU på Ås.

Før Mona byrja på Fjordane, har ho jobba ved Valnesfjord Helsesportsenter med terapiriding, og som rideinstruktør både i England og Sverige.

Ho er ein tålmodig og fagleg sterk lærar som legg vekt på tryggleik, kommunikasjon og utvikling for både hest og ryttar.

Mona har sjølv konkurrert mykje i sprang og feltritt, men trivst no best med dressurriding og turar med dei to dølahestane sine.

Møt Mona

Møt Dagmund

Lærar | Hest og rytter

Dagmund har vore lærar på Fjordane folkehøgskule sidan 2001 og har solid erfaring frå både hestefag og friluftsliv. Han er køyrelærar trinn II frå Norsk Hestefagskule Starum, faglært hovslagar og har PPU frå NMBU på Ås.

Med brei kompetanse innan køyresport, hovpleie og hestehald gir han elevane både tryggleik og praktisk forståing av faget.

Han har drive med avl og oppdrett av norske varmblodsridehestar i mange år, og har fleire kåra hingstar av eige oppdrett.

Dagmund har òg vore aktiv konkurransekusk og delteke i NM i køyring, som er erfaringar han gjerne deler med elevane sine.

Når han ikkje er i stallen, likar han å bruke tid ute i naturen, gjerne på fjellturar, både med og utan hest.

Lærar | Hest og rytter

Anja har vore lærar på Fjordane folkehøgskule sidan 2012 og har lang erfaring frå både undervisning og konkurranseriding.Ho er utdanna ridelærar trinn 1 og 2 frå Norsk Hestefagskule Starum og har solid kompetanse innan både dressur og hestehald.

På fritida finn du Anja som oftast ute, enten på tur i fjellet med hundane sine eller på ridebana med dei to varmblodshestane ho konkurrerer med i dressur.

Møt Anja

Møt Hedda

– Året på Fjordane har vært et år jeg aldri kommer til å glemme! Jeg har fått kjenne på høy puls i ungarsk post, ridd mange stevner og hatt det utrolig gøy. Jeg har lært masse om hest og funnet ut at jeg faktisk vil jobbe med det videre

Hedda | Elev 2023-2025

Litt om kvardagen på skulen

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Kva seier elevane våre?

Siste nytt

Bli kjent med oss på Instagram