Fleire vel å gå friluftslivlinje på folkehøgskule

Friluftsliv er blant dei mest populære linjene på folkehøgskule i Norge. Faktisk den nest mest valde i landet, i følgje Folkehøgskolene.no.  Men det er kanskje ikkje så rart? 

Mange folkehøgskuleelevar kjem rett frå vidaregåande og er ferdige med prøver, karakterar og stillesitting. Kropp og hovud treng noko anna. Mindre teori. Meir luft. Fleire opplevingar. 

For mange unge vaksne blir friluftsliv på folkehøgskule svaret. Her handlar det ikkje om å vere best. Det handlar om å vere med. Om å vere aktiv utan å prestere for nokon andre enn seg sjølv. Du får både fart og ro. Fellesskap og eigentid. Plass og rom til å kjenne glede. 
 

Prøv Friluftsliv Explorer 360 på Fjordane folkehøgskule  

Dette er friluftslivslinja for deg som vil oppleve det råaste Vestlandet har å by på, og som treng eit friskt avbrekk frå kvardagen. 

Her har du rå natur rundt deg: surfing, klatring, isbrear, fjell og fjord for å nemne noko. I tillegg får du ei utanlandsreise til tropiske øyer i Stillehavet. Dei store kontrastane i både klima og kultur utgjer ein del av den totale opplevinga.  


I løpet av året får du mellom anna:
 

  • klatre, surfe, sykle, gå på topptur og padle 

  • delta på brekurs og toppturar 

  • sove ute i telt og snøhole 

  • lære kart, kompass, skredkunnskap og førstehjelp 

  • ta kurs som brattkort og våttkort 

  • lage mat på bål og vere mykje ute 

Kven passar friluftslivlinje på Fjordane folkehøgskule for? 

Linja passar for deg som: 

  • er glad i å vere ute i naturen heile året  

  • du likar å vere i bevegelse,  

  • likar å prøve nye aktivitetar og tar gjerne ei utfordring 

  • vil bruke året på personleg vekst og finne di retning vidare 

Kvifor velje Fjordane folkehøgskule? 

På Fjordane folkehøgskule får du meir enn berre linjefaget ditt. Skulen har breidde i både linjer og valgfag, noko som gir deg sjansen til å prøve nye interesser undervegs i året. 

Du kan kombinere friluftsliv med valgfag innan til dømes kreativitet, fysisk aktivitet, hest og riding, til historie og praktiske ferdigheite. Det beste er at du blir kjent med elevar frå heilt andre linjer enn di eiga. Det gir eit større fellesskap, fleire perspektiv og eit skuleår med meir variasjon. 

Eit år på Fjordane folkehøgskule er året for deg som vil litt meir. Meir oppleving, meir meistring og meir rom til å finne vegen vidare. Her får du eit solid grunnlag for vidare utdanning innan idrett, friluftsliv, redning, politi eller brann, eller for arbeid i reiselivsbransjen.  

Les meir om linja og lærarane på friluftsliv her.  

Psst! Visste du at vi også har linja friluftsliv i samarbeid med Røde Kors? Dette er den einaste linja i landet, sjekk den ut her.

Neste
Neste

Heile Folkehøgskule-Noreg jublar over at stipendet ikkje blir endra!