Ei reise til Filippinene som set spor

Kva skjer når du reiser for å møte eit prosjekt du sjølv har vore med og samla inn pengar til? Du får sjå at det betyr noko.

Å kome så tett på ein annan kultur, natur og kvardag set spor. Eg sit igjen med sterke minner, og opplever at vi alle har fått eit nærare samhald og eit meir ope sinn.
— Simone | Elev på Movement X Modern Circus

Før vinterferien reiste 16 elevar og tilsette frå Fjordane folkehøgskule til Filippinene for å besøke «Prosjekt Filippinene». Prosjektet har eit mål om å forbetre oppvekstvilkåra for born og unge på Filippinene. På denne reisa fekk elevane oppleve på nært hald kva dette arbeidet betyr.

Ein skuledag på Lola Day Care Center

På Lola Day Care Center går dei fattigaste tre- og fireåringane i Bogo. Foreldra er sjølve ein del av drifta, der dei lagar mat, vaskar og deltek i ulike aktivitetar. Det skaper eit sterkt fellesskap rundt borna.

Vi fekk vere med på ein heilt vanleg skuledag. I koffertane hadde vi med oss kosedyr som vi hadde samla inn i forkant frå lokalbefolkninga på Nordfjordeid. Kosedyra fekk raskt nye eigarar, og fleire av borna bar dei med seg resten av skuledagen.

I klasserommet øvde fireåringane på bokstavar og tal, song saman og rekte opp handa når læraren stilte spørsmål. Lærarane var tydelege, med eit godt pedagogisk opplegg. Dei var trygge vaksne med mykje kjærleik, kunnskap og omsorg, som gav borna stabilitet i ein elles krevjande kvardag.

Etter skuledagen fekk vi kome heim til nokre av familiane. Det var eit sterkt møte med realiteten i slummen i Bogo. Vi visste at familiane var fattige, men dette var verre enn vi førestilte oss.

For fleire av borna er førskulen det første faste haldepunktet dei har. Å oppleve denne kvardagen på nært hald viser kor viktige slike prosjekt er. Lola Day Care Center er med på å gje borna ein best mogleg start for vidare skulegang og ein sjanse til å få eit betre liv.

Frå open eld til nytt kjøken

Ein liten time unna ligg barneheimen Icon Hope. Der budde foreldrelause gutar frå seks til nitten år. Vi fekk bli kjent med gutane og delta på daglege gjeremål – alt frå matlaging, reinhald og stell av dyr. På kvelden åt vi middag saman og det var god stemning med både karaoke, dans og song.

På borneheimen fekk vi sjå konkrete resultat av midlar som vi har samla inn gjennom Jul på Fjordane. Gutane har fått nytt kjøken og vaskerom. Tidlegare laga dei mat over open eld. No er kvardagen blitt både tryggare og meir funksjonell. Det gjer noko med deg å sjå konkret kva innsatsen heime faktisk fører til.

Family Day og kulturmøte

Siste dagen i Bogo deltok vi på Family Day ved Lola Day Care Center. Born, foreldre og elevar frå Fjordane folkehøgskule bidrog med kulturutveksling og innslag i ein uformell og varm tone. Vi fekk høyre dyktige ungdomar spele i tradisjonelt filippinsk orkester. Det var mykje latter og glede.

Frå Bogo til øyhopping

Etter veka i Bogo gjekk turen vidare til Coron og El Nido. Her fekk elevane oppleve ein annan del av Filippinene. Det var fire dagar med øyhopping, snorkling i turkisblått hav og netter i bungalowar på stranda. Mannskapet var fantastisk og vi storkosa oss med alle opplevingane der.

Det var stort feriepreg over desse dagane. Samtidig gav dei rom for å vere saman, fordøye inntrykk og oppleve landet frå fleire sider. For mange vart desse kontrastane ein viktig del av læringa.

Meir enn ein utanlandstur

Reisa til Filippinene er ein del av eit samarbeid Fjordane folkehøgskule har hatt over fleire år med Prosjekt Filippinene. Elevane har vore med på å samle inn midlar og har fått sett med eigne auge kva det har gått til.

Vi reiste heim frå Filippinene med mykje meir i bagasjen enn då vi reiste frå Noreg. Denne turen har gitt oss nye minner, nye vener og eit anna perspektiv på våre eigne liv. Det nyttar faktisk å hjelpe, og folk er folk overalt på jorda vår. Denne turen var ein viktig del av å vekse – både som menneske og medmenneske.

– Eg reiser heim med sterke minner, mykje å reflektere over og ei større takknemlegheit for det eg sjølv har hatt. Samtidig har eg fått eit sterkare ønske om å gjere meir, seier Simone, elev ved sirkuslinja Movement X Modern Circus.


Helsing frå Ingeborg | Lærar på linja Søm og strikk

Neste
Neste

Fleire vel å gå friluftslivlinje på folkehøgskule