Turar og aktivitetar
Kvifor reise langt og sette djupe klimaavtrykk når vi bur midt i den verdskjende naturen på Vestlandet? Med fjord, fjell og hav rett utanfor skulen har vi mange skjulte perler som vi vil dele med deg.
Og du! Det blir utanlandsreiser. Land i både Europa og Asia står på lista! Sjekk ut fellesturane under.
Opplev verda med oss! Litt utlandet. Mest Norge.
Klimamotivert folkehøgskule
Vi bryr oss om menneska, miljøet og samfunnet rundt oss. Kvar dag prøvar vi derfor å ta gode valg for å bidra til ei betre framtid.
Som klimamotivert skule jobbar vi aktivt med å redusere klimaavtrykket vårt og skape eit berekraftig fellesskap. For oss handlar berekraft om å vere ein del av noko større. Her lære du korleis små handlingar kan føre til store endringar, og du får sjølv moglegheita til å vere med å gjere ein forskjell.