Performing Arts

Dette er linja for deg som vil utvikle deg som scenekunstnar gjennom song, dans, skodespel og produksjonar. Midt i det rike kulturlivet på Nordfjordeid.

Eit år på scena

På Performing Arts får du bruke eit heilt år på det du likar aller best! Her jobbar vi med song, dans, skodespel og sceniske produksjonar. Du får utvikle teknikken din, finne ditt eige uttrykk og bli tryggare på scena.

Du møter engasjerte og fagleg sterke lærarar med erfaring frå scenekunstfeltet. Undervisninga blir tilpassa nivået ditt, og du får tett individuell oppfølging gjennom året. Her er det plass til både deg som har mykje erfaring, og deg som vil prøve noko nytt.

På Nordfjordeid har vi eit rikt kulturliv rett utanfor døra. Her finn du Operahuset Nordfjord, som er eitt av tre operahus i Noreg. Gjennom dette samarbeidet får vi tilgang til Gymmen Scene og Studio, og vi kan bruke den store scena i Operahuset.

Her får du både oppleve profesjonell scenekunst og sjølv vere med på å skape noko!

Dette får du vere med på:

🎤 Stå på scena

Vi lagar små og store produksjonar gjennom året, frå musikalnummer til eigne førestillingar.

🎭 Song, dans og skodespel

Du får utvikle teknikk, kreativitet og ditt eige uttrykk gjennom variert undervisning og praktisk arbeid.

🚆 Interrail i Europa

Reis på interrail, delta på workshops og opplev profesjonelle førestillingar, og bli kjend med ulike scenekunstmiljø i Europa.

🎟️ Kulturliv rett utanfor døra

Opplev konsertar, musikalar, teater, opera og festivalar (som Malakoff) i det levande kulturmiljøet på Nordfjordeid.

🎪 Samarbeid med Movement X Modern Circus

Utforsk nye sceniske uttrykk og ferdigheiter gjennom spennande prosjekt på tvers av linjene.

🌟 Lær av profesjonelle

Møt profesjonelle aktørar gjennom workshops kvart semester og få innblikk i korleis scenekunstbransjen fungerer.

Dette vil du lære:

Dette er året der du skal få utfordre deg sjølv, prøve nye uttrykk og bygge erfaring på scena. Målet er at du skal bli tryggare, friare og meir bevisst på kven du er som utøvar. Du får jobbe med:

  • Song: Utvikle songteknikk, stemmebruk og formidling. Det blir individuelle songtimar og ensemblesong.

  • Dans: Utforske ulike dansestilar som jazz, klassisk ballett, moderne- og samtidsdans, samt koreografi og improvisasjon.

  • Skodespel: Jobbe med karakterarbeid, stemmebruk, innleving og skodespelarteknikk.

  • Produksjon: Få praktisk erfaring både på og bak scena gjennom eigne produksjonar.

  • Samarbeid: Utvikle ditt eige uttrykk og lære å skape noko saman med andre.

Bildet er tatt frå ein kajak ute på vatnet. Vi ser også ein anna person i kajak i vakker natur

Drøymer du om å studere musikal eller scenekunst vidare? Eller kanskje vil du berre bruke eit år på noko du verkeleg brenn for? Uansett får du erfaringar, vennskap og opplevingar du kan ta med deg vidare. Det blir også kjekke fellesturar til skjulte perler i området!

Kven passar linja for?

Linja passar for deg som likar song, dans, teater eller musikal. Du treng ikkje å ha erfaring frå alle fagområda. Det viktigaste er at du er motivert, nysgjerrig og har lyst til å lære.

Våre forventningar til deg

  • Du møter opp med ei positiv innstilling og er klar for å lære.

  • Du er engasjert, tek ansvar og legg inn ein innsats.

  • Du vågar å utfordre deg sjølv og prøve nye ting.

  • Du likar å samarbeide og bidreg til eit godt fellesskap.

Sjekk ut @performingartsfjordanefhs på Instagram!

Turar og opplevingar du får vere med på

Møt Eline

Lærar | Performing Arts

Eline brenn for scenekunst og korleis song, dans og teater kan skape glede, engasjement og nye perspektiv. Ho trivst både på og bak scena, og har erfaring som musikalartist, regissør, koreograf og produsent. Når ho ikkje jobbar med scenekunst, likar ho å vere aktiv ute i naturen og bruke tid saman med vener og familie.

Eline har ein bachelorgrad i Performing Arts og ein mastergrad i drama og teater, og studerer no praktisk-pedagogisk utdanning i scenekunst. Ho er aktiv som frilans scenekunstnar og har mellom anna hatt regi og koreografi på musikalen Shrek i Olavshallen. Ho er også ein del av LÆTT Teater, som utviklar og set opp eigne framsyningar. For tida er ho kunstnarisk ansvarleg for framsyninga Jula blir til, og på nyåret skal ho vidare som regissør og koreograf for Elskhug og Eksis. 

Møt Ida

For Ida var overgongen til høgare utdanning utfordrande. Ho bestemte seg for gå eit år på folkehøgskule i stadanfor, eit valg ho ikkje angrar på.

– Jeg sitter igjen med tanken om at folkehøgskole er de beste pengene jeg noen gang kommer til å bruke. Jeg har fått utviklet meg som person, fått tilbake motivasjonen, møtt nye mennesker, prøvd nye ting og fått en pause fra karakterpresset, seier Ida.

Ida | Elev 2023-2025

Litt om kvardagen på skulen

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Kva seier elevane våre?

Siste nytt

Bli kjent med oss på Instagram