Heile Folkehøgskule-Noreg jublar over at stipendet ikkje blir endra!

Tekst: Ingvild Sættem Beltesbrekke | Folkehøgskolene (omsett og tilpassa)

Folkehøgskuleelevar får fortsatt 40 prosent i stipend frå Lånekassen.

I haust foreslo regjeringa å kutte stipendet for folkehøgskuleelevar frå 40 til 15 prosent. Etter forhandlingane på Stortinget onsdag 3. desember er det klart at dette ikkje skjer.

“Eg er så letta over at forslaget til kuttet i stipendordninga blir reversert. Dette gir ungdommane tryggleik til å velge eit år der dei kan finne retning, få meir tru på seg sjølve og utforske interessene sine. At stipendet forblir uendra, betyr at folkehøgskule fortsatt er mogleg for alle – uansett økonomi”, sier Silvia van Hesik Førde, rektor ved Fjordane folkehøgskule.

Kva betyr dette for deg som vil gå folkehøgskule?

Stipendordninga blir som før. Du får støtte frå Lånekassen og når året er fullført, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend.

Kor mykje støtte kan du få?

For skuleåret 2025/2026 kan du få inntil kr 151 690 i lån og stipend. Summen for skuleåret 2026/27 er ikkje klar enno, men vi legg ut oppdatert informasjon så snart dette er klart.

Når bør du søkje på Fjordane folkehøgskule?

Opptaket starta 15. november, og det er løpande opptak fram til skulestart. Ønske du å gå ei spesiell linje bør du søke så fort som mogleg for å sikre deg plass.

Sjekk ut linjene våre her
Neste
Neste

Fjordane folkehøgskule i ny drakt!