Movement X Modern Circus

Likar du å vere i fysisk aktivitet og kjenne adrenalinet du får av å stå på ei scene? Kanskje ser du for deg ei framtid innan sirkus, utøvande scenekunst eller dans? Då er dette linja for deg!

Bli med

Sirkusliv i rå natur

På linja Movement X Modern Circus får du fordjupe deg i ulike sirkusdisiplinar, med fokus på mobilitet, styrke, balanse og koordinasjon. Her får du bruke kroppen kvar dag, utfordre deg sjølv og lære nye ferdigheiter.

Undervisninga er praktisk og variert. Du jobbar mykje med teknikk og lærarane følgje deg tett for å sikre progresjon. Du startar med grunnleggande øvingar og går gradvis vidare til meir avanserte triks. Alt føregår sjølvsagt innanfor trygge og sikre rammer.

Treninga skjer på skulen vår. Her har vi alt frå devil sticks til trampoliner, og eit godt utstyrt treningsrom. I tillegg har vi tilgang til Hamna treningssenter.

Psst! Visste du at vi er den einaste sirkuslinja i Norge som er godkjend av FEDEC?

På planen står det

🤸Luft- og golvakrobatikk

Du skal få boltre deg i alt frå trapes, ring, trampoline og på golvet.

🤹‍♂️Sjonglering

Øv på rytme, presisjon og koordinasjon med ball, kjegler og diabolo.

💪 Trening, trening, trening!

For at du skal få progresjon i dei ulike sirkusdisiplinane blir det regelmessige styrke-, kondisjon- og mobilitetstrening.

🏄‍♂️ Turar til skjulte perler i nærområdet

Når været er bra tar vi gjerne treningsøkta ute, med turar på fjellet eller surfing i Hoddevika.

💛 Det gode folkehøgskulelivet

Du skal få oppleve det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetar og turar, og møte mange nye menneske.

🌆Studietur til Europa

Bli med og besøk sirkusskular og opplev sirkuskulturen i Europa!

Dette vil du lære:

Dette året kan bli starten på vidare studiar og der du finn di retning.

  • Akrobatikk: Lær deg teknikkar innanfor trampoline, golv- og luftakrobatikk.

  • Balanse: Du får trening i å halde balansen, enten det er i handståande, cyrhjul, line, einhjulssykkel eller rola bola.

  • Sjonglering og koordinasjon: Du lærer å sjonglere med ballar, kjegler og diabolo.

  • Styrke- og bevegeligheitstrening: Du får trene mykje styrke og bevegeligheit for å støtte utviklinga di som sirkusartist.

  • Scenekunst: Du får erfaring med å stå på scena gjennom opptredenar og framsyningar. Her lærer du å formidle, samarbeide og kombinere teknikk med uttrykk for å betre tilstedeværelsen din.

  • Rigging: Du lærer korleis du monterer og sikrar sirkusutstyr på ein trygg måte. Vi går gjennom alt frå sikkerheitsrutinar til praktisk bruk av tau, oppheng og utstyr.

Her får du kunnskap om trening, teknikk og kroppsforståing som du vil ha nytte av i mange samanhengar. I tillegg får du verdifull erfaring frå scena som gjer deg tryggare i større forsamlingar.

Kven passar linja for?

Linja passar for deg som er glad i vere aktiv, likar fysisk trening og å utfordre deg sjølv. Du treng ikkje ha erfaring frå sirkusdisiplinane. Det viktigaste er at du er motivert og engasjert.

Våre forventningar til deg

  • Du vil vere ein god treningskamerat, bidra til god teamspirit og bygge et godt klasse- og skulemiljø.

  • Du møter opp til timane og aktivitetane med ei positiv innstilling.

  • Du er villig til å presse deg sjølv og teste eigne grenser.

  • Forkunnskap er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, ha lyst til å trene og klar for å prøve noko nytt.

Søk her

Sjekk ut @movementxfjordanefhs på Instagram!

Lærar | Movement X Modern Circus

Veera er tidlegare elev på Movement X og kjenner linja frå innsida. Ho er utdanna fysioterapeut, dansar og pedagogisk sirkusinstruktør. Ein perfekt kombinasjon for å hjelpe elevane med både teknikk, kroppskontroll og tryggleik i treninga.

Ho er opptatt av at du skal forstå korleis kroppen fungerer, og at du skal få kjenne på både meistring og glede i utviklinga di.

Når Veera ikkje trenar finn du ho i eit kaldt vatn. Veera diggar nemleg å isbade, etterfulgt av ei varm sauna. Ellers likar ho å bake medan ho høyrer på finsk radio.

Møt Veera

Snakk med Veera

Møt Martin

Lærar | Movement X Modern Circus

Martin har bachelorgrad i Circus and Performance Art frå Nederland og mange års erfaring som utøvande artist i det verdskjende sirkuset Cirque du Soleil.

Han er spesialisert i Chinese pole, men meistrar fleire sirkusdisiplinar som luftakrobatikk, akrobatikk, einhjulssykkel og hand-to-hand.

Martin har jobba her sidan 2016, og er kjend for sitt engasjement og evne til å pushe elevane på ein trygg og inspirerande måte. Når han ikkje underviser, spelar han gjerne trompet, surfar eller står på skateboard.

Snakk med Martin

Møt Kristine

– Det faglige nivået på skolen er ekstremt høyt. Jeg har lært så utrolig mye i sirkustimene. Vi trener masse og det er rett og slett dritbra, seier Kristine.

Kristine | Elev 2024-2026

Sjå video

Litt om kvardagen på skulen

Sjekk ut

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Send søknad

Kva seier elevane våre?

Bli kjent med oss på Instagram