Bu og fritid

Opplev eit år med kjekke aktivitetar og fellesskap! Bli med på turar, lag mat og få ein sosial kvardag i trygge omgjevnader. Du har over ni linjefag å velge mellom og kan bruke svømmehallen, ri hest og mykje meir!

Bli med

Om linja

Dette er linja for deg som treng noko tilrettelegging i kvardagen, men som har eit mål om å stå på eigne bein i framtida. Her blir du bli kjent med andre som også vil:

  • Få vener for livet

  • Bli meir sjølvstendig

  • Oppleve fantastisk natur i trygge rammer

Du får delta i daglegdagse aktivitetar som turar i skog og mark, matlaging, fysisk trening, reingjering og personleg hygiene. Det viktigaste er at du skal lære deg å ta vare på deg sjølv og ha det kjekt! I tillegg får du velje eit linjefag som du skal ha hovudfokus på.

Dette er linjefaga du kan velge mellom:

🐎 Hest og rytter

Bli trygg i salen og lær om stell, riding og samspel med hesten.

🤹‍♀️ Sirkus | Movement X Modern Circus

Prøv deg på alt frå sjonglering til golv- og luftakrobatikk.

🏹 Viking

Utforsk vikingtida og lær korleis vikingane levde.

🧵 Søm og strikk

Sy, strikk og lag dine eigne plagg, og lær korleis du reparerar utslitte kle.

🌄 Friluftsliv

Opplev Vestlandet frå fjord til fjell, med alt frå turar, surfing til klatring. Kanskje prøvar vi å sove under open himmel?

💪 Funksjonell trening

Bli med på trening og prøv alt frå styrkeøkter til løpeøkter, og lær viktigheita av mat og kvile.

Psst! Du har også fleire valgfag å velge mellom. Kanskje vil du lære deg å surfe, finne roen med yoga eller lage kaffi som ein barista? Valget er heilt opp til deg, så gjer det du har lyst til. 

Dette vil du lære

  • å samarbeide og bu saman med andre

  • å vere ute i naturen, vere fysisk aktiv og ta vare på helsa di

  • å halde rommet ditt ryddig og reint

  • å bruke vaskemaskin og å vaske kle

  • å ta ansvar for fellesoppgåver på internatet

  • å lage god og sunn mat

  • å bruke kulturtilbod i nærmiljøet og finne på kjekke fritidsaktivitetar

  • å gjere enkle arbeidsoppgåver på kjøkkenet

  • å styre pengar og eigen økonomi

Vi har tett dialog, både før, under og etter opptak, for å sikre at skuleåret passar til dine behov og føresetnader. Ta kontakt med oss så vi saman kan finne dei beste løysingane for deg! Vi har plass til 6-8 elevar. Du treng sjølvsagt ikkje kunne noko om linjefaga frå før.

Sjå linja

Kven passar linja for?

Deg som har lettare psykisk utviklingshemming eller føle du strevar litt i livet. Du har kanskje nokre utfordringar eller lærevanskar som gjer at du treng litt ekstra tilrettelegging i kvardagen.

Med oss får alle vere med

Du blir sjølvsagt med på fellesfag og valgfag saman med dei andre elevane på skulen, slik at du får oppleve fellesskapet på tvers av linjene. Samtidig skal du få eit tilbod som er tilpassa ditt nivå. Det betyr at vi stille realistiske krav til deg og at du må yte utifrå dei forutsetningane du har.

Søk her

Møt Trine

Miljøterapeut | Bu og fritid

Trine har vore tilsett på Fjordane sidan 2020 og har eit stort hjerte for både menneske og dyr.

Ho er utdanna sosionom, hestefaglært og har kurs i dyreassisterte intervensjonar. Trine trivst god ute, enten det er på tur med hund eller hest, i stallen eller på kjøkkenet der ho mekkar til god mat.

Trine er ein varm og trygg person som alltid tek seg tid til å lytte og bidrar til at alle får ein god kvardag på skulen.

Snakk med Trine

Lærar | Bu og fritid

Samuel har ei brei og spennande bakgrunn som kombinerer natur, klima og friluftsliv. Han har bachelor i geologi, mastergrad i klimafag og ein bachelor i friluftsliv.

Folkehøgskulen har vore ein raud tråd gjennom livet hans. Han vaks opp med foreldre som begge jobba på folkehøgskule, og hausten 2025 vart Samuel ein del av Fjordane folkehøgskule. Her får han kombinere både fagkunnskap og lidenskapen sin for natur og menneske. Han trivst best ute, enten på tur med fiskestong og kamera, eller på fjellski og telemarkski om vinteren.

Når han ikkje er på tur, finn du han gjerne på bandrommet, der han spelar gitar, bass eller banjo saman med elevane.

Møt Samuel

Snakk med Samuel

Møt Gry

Lærar | Bu og fritid

Gry har vore lærar på Fjordane folkehøgskule sidan 2023. Ho har bachelor i natur, miljø og friluftsliv, eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning og er utdanna livsstyrketrenar gjennom studiet Livsstyrketrening.

Ho brenn for å skape gode kvardagar der elevane får utvikle seg, oppleve meistring og finne glede i aktivitetar som passar for dei.

På fritida er ho helst ute, enten på hesteryggen, i klatreveggen eller på ski. Ho bur i eit minihus ved havet saman med huskyen Falko, og set pris på dei enkle tinga i livet som solnedgangar, frisk luft og dei gode stundene.

Snakk med Gry

Lærar | Bu og fritid

Nathan har mange års erfaring som guide og friluftsentusiast, og har jobba i både Sunnmørsalpane, Jotunheimen og Nordfjord. Han har eit eittårig studium i Arctic Adventure Tourism frå UiT og er utdanna havkajakkguide.

Som lærar på Bu og fritid legg Nathan vekt på å vere til stades for elevane og skape tryggleik i kvardagen. Han likar å bruke naturen som læringsarena og viser korleis aktivitetar ute kan gi meistring, ro og glede. På fritida finn du Nathan med gitaren i handa, på randoneeturar eller padlande ned ei brusande elv.

Møt Nathan

Snakk med Nathan

Møt Caroline

Miljøarbeidar | Bu og fritid

Caroline har vore ein del av Fjordane folkehøgskule sidan 2014, og kjenner skulen godt etter sjølv å ha vore elev her på hestelinja i to år.

Ho er utdanna billakkerar og har erfaring frå både hotell- og restaurantbransjen, noko som gir henne brei praksis og mykje erfaring med å treffe ulike folk.

Caroline er ein blid og trygg miljøarbeidar som ser kvar enkelt elev og bidreg til at alle skal kjenne seg heime på skulen. Ho trivst best når dagane inneheld både dyr, natur og gjerne noko praktisk å halde på med.

På fritida finn du Caroline gjerne i stallen med hestane, ute på tur med hunden eller med hendene godt planta i blomsterjorda.

Snakk med Caroline

Litt om kvardagen på skulen

Sjekk ut

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Send søknad

Kva seier elevane våre?

Bli kjent med oss på Instagram