Fjordane folkehøgskule i ny drakt!  

Ny visuell profil.

Vi lanserer ny visuell profil og heilt ny nettside!  

Publisert: 05.11.2025.

– Det var på tide med eit løft, seier Silvia van Hesik Førde, rektor ved Fjordane folkehøgskule. – Vi vil vise meir av kven vi er i dag, og kva eit år på Fjordane folkehøgskule eigentleg handlar om. Vi ville ha eit uttrykk som er meir moderne, men som samtidig tek vare på identiteten vår. Fargane, forma og tonen vår speglar både naturen rundt oss, elevane våre og folka våre som fyller skulen med liv. 

Fargar og former inspirert av fjord og fjell 

Den nye fargepaletten er inspirert av landskapet vi er ein del av. Dei grøne fargane symboliserer naturen, med fjell, fjord og skog, og fokuset vårt på miljø. Den gule, lilla og rosa står for energi, mangfald og varme. Fargepaletten viser såleis alt som gjer folkehøgskulen vår levande.  

– Saman gir dei nye fargane eit moderne, men naturleg og friskt uttrykk som kjennest riktig ut for oss, legg Silvia til.

Ei nettside som speglar kvardagen på Fjordane folkehøgskule 

Samtidig lanserer vi ei ny heimeside, slik at du skal få eit betre innblikk i livet på Fjordane folkehøgskule. Her finn du oppdaterte linjesider med meir luft, betre bilete og ein tone som ligg tettare på kvardagen til elevane våre. 
 
Du får bli kjent med lærarane, lese om turane våre, og sjå korleis kvardagen faktisk ser ut, frå matsalen til romma og paviljongane du skal bu på.

Endringa kjem steg for steg 

Du vil møte den nye profilen vår først på nettsida og i dei digitale flatene, men etter kvart også i brosjyrer, plakatar og i andre flater. Det vil ta litt tid før alt er på plass. Er du på jakt etter noko som du ikkje finn, eller har andre spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på post@fjordane.fhs.no.

Velkomen og ta gjerne ein grundigare titt på heimesida vår! Her er link til linjene våre og du kan lese meir om kvardagen på Fjordane fhs her.   

Forrige
Forrige

Ny linje på Fjordane folkehøgskule: Funksjonell trening 

Neste
Neste

No kan du søke!