Utleige

Treng du lokale til kurs, konferansar eller andre arrangement?

Er du på jakt etter eit lokale for konferansar, sommerleirar, jubileum eller andre større samlingar som slektstreff eller reunion? Frå slutten av mai til midten av august opnar vi opp for utleige av heile skulen, inkludert overnatting. 

Her finn du moderne møtefasilitetar med stor kapasitet.

Aula med scene og stort lerrett

Aulaen var den tidlegare “storstova” på Nordfjordeid. Opera Nordfjord hadde sine fyrste oppsetningar her, og den kommunale kinoen heldt til her. Her er det høgt under taket, med lys- og lydanlegg og er ideelt for konferansar, kurs og større møte.

Spesifikasjonar:
- Sitjeplass opp til 250 personar i amfi-oppsett
- Mogleg å utvide med stolar på golvet
- Stort kinolerret og kraftig projektor
- Lysanlegg tilpassa oppsetningar på scena
- Lydanlegg med mikrofonar og myggar
- Trådlaust nett

Ta kontakt for meir detaljerte spesifikasjonar og tilbod.

Langhuset: Eit annleis møterom

I langhuset i vikingtunet kan du invitere med vennegjengen til festleg lag, eller kva med å ha avdelingsmøte i andre omgjevnader enn du er van med?

Spesifikasjonar:
- Sitjeplass opp til 50 personar.
- Lerret og projektor
- Trådlaust nett

Servering:
Kjøkkenet syter for både enkel møtemat og servering til selskap, alt etter behov. Ta kontakt for eit tilbod, så gjer vi vårt beste for at de skal få ei hyggjeleg stund i vikingtunet.

Ta kontakt for tilbod.

Heimekoseleg møterom

Peisestova er eit litt “mjukare” alternativ til eit vanleg møterom, med store sofaer og bord.

Spesifikasjonar:
- Sitjeplass opptil 20 personar i sofagruppe
- Mogleg å utvide med vanlege møtebord
- 70 ‘‘ TV med HDMI og god lyd
- Trådlaust nett

Ta kontakt for tilbod.

Møterom med eigen inngang

Heilt nytt møterom i personalfløyen, med inngang frå atriet.

Spesifikasjonar:
- Sitjeplass opptil 12 personar
- 50 ‘‘ TV med HDMI
- Utstyr til videokonferansar
- Trådlaust nett

Ta kontakt for tilbod.

Overnatting

I den elevfrie perioden, frå midten av mai til midten av august, er det også mogleg å leige ein eller fleire paviljongar knytt til kurs, møte eller konferansar.

Fjordane folkehøgskule har 9 paviljongar med 4 doble og 2 enkle rom kvar. Til saman har kvar paviljong kapasitet til 10 personar.

Ta kontakt for tilbod.

Møte- og konferansemat

Om det er ønskeleg med møtemat, ordnar vi sjølvsagt dette. Vi serverer alt frå kaffi med frukt eller kake, til varm lunsj og selskapsmenyar.

Med ein dyktig kokk i spissen får du få servert lokale råvarer som er tilberedt med respekt for sesongane.

I matsalen kan vi dekke opp til 80 personar, men vi kan dekke opp til endå fleire om vi opnar opp til peisestova som ligg vegg i vegg.

Ta kontakt for tilbod.

Eksempel på meny som vi har i samarbeid med Sagastad. Dette er ein vikinginspirert meny og inngår i pakke 1 “Gilde i langhuset”.

For at arrangementet skal bli slik du håpar, er det nødvendig med tett dialog i forkant. Vi kan legge til rette for det meste:

  • Vi kan lage kaker, eller du kan ta med eigne kaker.

  • Om du ønske anna pynt er du hjarteleg velkomen til å ta med det (lys, serviettar, blomar, etc). Bordplassering og bordkort må du sørge for sjølv.

  • Alle rettane kan tilpassast matallergiar- og intoleransar. Ver vennleg å gje beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for ei god matoppleving for alle.