Kvardagen på skulen

Bli med

Om livet på
Fjordane folkehøgskule

Folkehøgskulen vår ligg mellom det røffe havet ved Stad og den mektige Jostedalsbreen. Nordfjordeid er passe stor og passe liten. Stor nok til å tilby det du treng. Liten nok til at du kan ha den litt for deg sjølv.

Her vil du leve og bu saman med 85 andre medelevar, i eit inkluderande fellesskap. Du får vere saman med folk som deler dine interesser, men også møte personar som har heilt andre interesser enn det du sjølv har. Dette vil vere med på å berike kvardagen din og utvikle deg som menneske.

Du får bruke året til å strekke deg litt lenger, prøve nye ting og samle erfaringar som du vil ha nytte av vidare i livet. Når du tør å satse, ligg alt til rette for at du skal kjenne på både meistring og framgang, både fagleg og personleg.

Slik bur du

Bumiljøet med oss noko for seg sjølv. Her vil du bu i paviljongar (små hus) med plass til ti elevar.

Fordelen med å bu på paviljong samanlikna med vanlege internat, er at du lettare kan få den gode følelsen av ein heim. Dei du bur saman med blir din eigen, vesle familie dette skuleåret.

Kvar paviljong har fire doble rom og to enkle rom, der kvart rom er utstyrt med alt du treng: seng, kleskap, skrivebord med skuffer, vegghylle og handvask. Det stiller sjølvsagt krav til at du må ta i eit tak saman med dei du deler paviljong med for å halde det reint og ryddig.

Paviljongen har felles dusj og toalett, samt eit hyggjeleg opphaldsrom med eit lite kjøkken. Kjøkkenkroken har kjøleskap, kokeplater og vask. Dersom du ønsker å lage mat på paviljongen er det lurt å ta med panner, bestikk, tallerkar og glas.

Ein av paviljongane er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Sjekk ut skulefilmen vår under

Ofte stilte spørsmål

  • Nei, selvfølgelig ikkje. Vi er opptatt av å spre matglede og ingen skal føle seg ekskludert.

    Om du har har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller noko anna har vi alltid eit alternativ til deg, utan at du skal betale meir for det. Berre gje oss beskjed i forkant, så ordnar våre dyktige kokkar mat som du toler, og som i tillegg smakar skikkelig godt.

  • Dei fleste kjem hit utan å kjenne nokon. Vi bruker mykje tid dei første vekene på å bli kjent, og vi arrangerar bli kjent turar og mange kjekke aktivitetar. Det tek som regel ikkje lang tid før du kjenner deg heime.

  • Nei, du treng ingen forkunnskap. Vi møter deg der du er og tilpassar undervisninga til ditt nivå, uansett linje. Det einaste er at du må vere motivert og har lyst til å gjere ditt beste.

  • Skulestart er laurdag 22. august 2026 og skuleslutt er 15. mai 2027.

  • Vi har rundt 86 elevar fordelt på ni linjer. Det gir ein god balanse. Skulen vår er stor nok til at du møter mange ulike folk, men liten nok til at du blir sett og høyrt.

  • Du kan velje mellom over 20 ulike valgfag. Nokre er knytt til linjene, som riding, klatring og sirkus, medan andre handlar om kreative og sosiale aktivitetar som foto, yoga, band, massasje eller baking.

  • Her får du alt frå tradisjonsmat til streetfood. Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen.

    Kjøkkenet vårt har debio-godkjenning i bronse. Det vil seie at minst 15 % av serveringa er økologisk. Vi handlar også Fairtrade, for å bidra til eit meir berekraftig jordbruk og betre liv for bønder og arbeidarar i fattige land som Afrika, Asia og Latin-Amerika. 

  • Prisen inkluderer alt kost, losji og dei fleste fellesturane, samt alle kostnader knytt til undervisning og aktivitetar. Beløpet blir delt opp i åtte like månadsbetalingar som du må betale kvar månad frå september til april. Prisen gjeld for heile skuleåret.

  • Etter middag skjer det alltid noko, om det er valgfag, filmkveldar, trening, baking eller berre avslapping i peisestova. Nokre kveldar har vi fellesarrangement, og utanom det bestemmer du sjølv kor mykje du vil vere med på.

  • Du får tilsendt faktura frå skulen. Vi prøver å gjere det enkelt og oversiktleg, og du kan alltid ta kontakt med oss om du treng hjelp med betaling eller spørsmål rundt pris.

    Fakturaen blir sendt som efaktura i nettbanken, på Vipps eller på Digipost, alt etter korleis du har satt det opp. Om du ikkje har nokon av delene, kjem den tilsendt i posten.

  • Du søke ved å klikke “søk her”. Frå 15. november har vi løpande opptak, så det er lurt å søke tidleg. Då aukar sjansen for at du får plass på linja du vil gå.

På Fjordane Folkehøgskule er maten meir enn berre mat. Det er matglede, god stemning og skikkeleg digge smakar.

Kvar dag bakar kokkane våre ferske brød og bollar, og dei tryllar fram digge måltid som ofte er laga av kortreiste og lokale råvarer. Det er fint for oss, og fint for miljøet.

Det neste året kan du glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen.

Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Mat du vil digge

Møt stjernene på kjøkkenet vårt

  • Møt Khang | kjøkkensjef

    Khang er kjøkkenleiaren vår som har jobba på anerkjente restaurantar i Bergen, Paris, Amsterdam og København. Khang har ein lidenskap for smakar frå heile verda, og kjem garantert til å overraske deg med noko nytt.

    Og veit du kva? Khang elskar å grille! Du kan derfor glede deg til digg street food og spennande smakar! Når han elles ikkje mekkar deilig mat eller spring etter dei tre borna sine likar han å slappe av i sofaen med anime og tv-seriar.

  • Anna-Rita | kokk

    Med snart 30 år fartstid på Fjordane er det ingen som kjenner kjøkkenet betre enn ho. Denne dama lagar mat som får deg til å føle deg heime, anten det er nybakte brød til frukost eller eit varmt og godt måltid etter ein aktiv dag.

    Når ho ikkje står og smilar over kjøkkengrytene, er det godt mogleg du finn ho i skogen med ei fiskestang i den eine handa og fotokameraet i den andre.

  • Dina | kokkelærling

    Dina har alltid visst at ho ville bli kokk. Ho flytta heimanfrå som 16-åring for å følgje draumen, og har gått restaurant- og matfag på vidaregåande og med oss er ho lærling.

    På kjøkkenet er ho engasjert, lærevillig og glad i å prate. Dina likar å synge medan ho lagar mat og har ein energi som smittar over på både elevar og kollegaer.

  • Synnøve | kokk

    Om du elskar dessertar og det gode liv, så har du mykje å glede deg til. Synnøve har alltid eit smil på lur og sørgjer som regel for at det er noko søtt på menyen når helga kjem. Denne dama har full kontroll på kjøkkenet og er elles veldig aktiv i lokalsamfunnet når ho ikkje er på jobb.

    Om du elskar dessertar og det gode liv, så har du mykje å glede deg til. Synnøve har alltid eit smil på lur og sørgjer som regel for at det er noko søtt på menyen når helga kjem. Denne dama har full kontroll på kjøkkenet og er elles veldig aktiv i lokalsamfunnet når ho ikkje er på jobb.

Valgfag

Valgfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har over 20 valgfag å velge mellom, alt frå sjonglering til barista.

Valgfaga er valgfrie som namnet tilseier og du kan velge så mange du vil. Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Sjekk ut

Skjulte perler i inn- og utland.
Alt får du på Fjordane folkehøgskule.

Kven passar skulen for?

Her er du velkomen akkurat som du er! Vi har ingen formelle opptakskrav, utanom aldersgrensa som er 18 år. I nokre tilfelle kan yngre søkjarar bli vurdert. Vi tar opp elevar fortløpande frå 15. november.

Våre forventningar til deg

  • Du vil legge inn ein innsats for å skape ditt beste år

  • Du deltar og er med på det som skjer med ei positiv innstilling

  • Du vil bidra til eit godt fellesskap, både på turar og i kvardagen

  • Forkunnskap til linjene er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, nysgjerrig og klar for å lære noko nytt

Søk her

Møt Katinka

Det er rått å stå på ein fjelltopp og vite at eg kan ta ansvar om uhellet er ute.

Her får du prøve nye interesser i trygge rammer og utvikle deg sjølv. Året har gjort meg meir trygg, og gjort det enklare å kaste meg ut i det ukjente, seier Katinka.

Katinka | Elev 2024-2025

Les heile historia

Folka våre

Uansett kva linje du velge, vil du møte lærarar som engasjerer seg i faget sitt og kan det dei driv med. I tillegg til å vere skikkelig flinke, er dei opptatt av å gje deg tett oppfølging. Dei vil at du skal kjenne på den same gleda av å lære. Mest av alt så vil dei at du skal få noko igjen av året ditt med oss.

I tillegg har vi ein stab som du vil bli godt kjent med, som alltid stiller opp for å skape eit godt miljø slik som du er ein viktig del av for at du skal trivast og kjenne meistring.

Sjå personalet

Velg mellom 9 varierte linjer

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Send søknad

Bli kjent med oss på Instagram