Frå Cirque du Soleil til Nordfjordeid

På Movement X Modern Circus møter du lærarar som kombinerer erfaring frå profesjonell sirkusverden med kunnskap om kropp, læring og utvikling.

For deg som vil utvikle deg

Movement X er for deg som vil lære. For deg som vil utfordre deg sjølv. For deg som er nysgjerrig på kva som skjer når du legg ned tida som skal til.

Kanskje kjem du hit med erfaring frå sirkus, dans eller turn. Kanskje har du aldri prøvd noko liknande før. På Movement X møter du andre som også ønskjer å utvikle seg. Nokon har store mål. Andre er nysgjerrige på kva sirkus eigentleg er. Det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å lære.

Lær av folk som har vore der sjølve

Veera Hatlenes er tidlegare elev på Movement X, og ho veit korleis det er å gå der sjølv. Ho veit korleis det kjennest når noko er vanskeleg, og kor mykje meistring det gir når ein får det til.

Veera Hatlenes kjenner linja frå innsida etter å ha vore elev på Movement X sjølv. I dag er ho fysioterapeut, dansar og pedagogisk sirkusinstruktør på Movement X Modern Circus, og er i tillegg utdanna som strength and conditioning coach.

Med utdanning som fysioterapeut, dansar og pedagogisk sirkusinstruktør hjelper ho elevane med å forstå korleis kroppen fungerer og korleis dei kan utvikle seg på ein trygg måte. Ho er opptatt av at elevane skal forstå kvifor dei gjer det dei gjer – ikkje berre lære nye triks.


Martin Riedel har stått på nokre av verdas største scener som artist i Cirque du Soleil.

Saman hjelper dei elevane med å utvikle ferdigheiter, byggje sjølvtillit og ta nye steg – både i og utanfor sirkushallen.

Martin har bachelorgrad i Circus and Performance Art frå Nederland og mange års erfaring som profesjonell sirkusartist. Han er spesialisert i Chinese pole, men underviser også i luftakrobatikk, akrobatikk, einhjulssykkel og hand-to-hand. Sidan 2016 har han vore ein del av lærarlaget på Fjordane folkehøgskule.

Elevane kjenner han som ein lærar som ser potensialet deira og utfordrar dei til å ta neste steg på ein trygg måte.

Trening, mat og kvile heng saman

For å utvikle seg som sirkusartist handlar det ikkje berre om kor mykje du trenar. Du må også ta vare på kroppen.

På Movement X lærer du kor viktig samanhengen mellom trening, kvile og ernæring er. Skal du byggje styrke, lære nye teknikkar og utvikle kroppskontroll, må kroppen få det han treng.

På Fjordane får du heimelaga måltid kvar dag, laga frå botnen av. Kokkane lagar næringsrik mat som gir energi til lange dagar i sirkushallen, på trening og i kvardagen.

Meir enn sirkus

Det er lett å tenkje at året handlar om triks, teknikkar og trening. Men for mange handlar det vel så mykje menneska rundt deg. Om latteren, samtalane og folka som heiar når du får det til, løftar deg når det går litt trått og som deler kvardagen og opplevingane med deg. 

Her får du bli kjend med menneske frå ulike delar av verda. På Movement X trenar de saman, reiser på turar saman og utviklar dykk saman. Det skapar eit miljø der elevane heiar på kvarandre, utfordrar kvarandre og deler både oppturar og motgang.

Eit år som kan bli starten på noko meir

Nokre elevar reiser vidare til sirkusskular og scenekunstutdanningar i inn- og utland. Andre tek med seg erfaringane inn i heilt andre yrke. Felles for mange er at dei reiser herifrå med meir tru på seg sjølve enn då dei kom.

For når du omgir deg med folk som vil utvikle seg, skjer det noko. Du flyttar grenser. Byggjer ferdigheiter. Tek steg du kanskje ikkje trudde var mogleg for eitt år sidan.

Målet er ikkje berre kva du får til medan du går på Movement X. Målet er å gi deg eit springbrett vidare. Kva det springbrettet blir, er opp til deg.

Neste
Neste

Ei reise til Filippinene som set spor