Friluftsliv Explorer 360

Bli med og opplev det beste og råaste som vestlandsnaturen har å by på, samtidig som du får ei utanlandsreise til tropiske øyer i Stillehavet!

Bli med

Opplev rå natur

Har du lyst å surfe i Hoddevika, klatre opp Hornelen og bestige Skåla? Alle desse plassane er rett rundt neste sving frå Fjordane folkehøgskule! Uansett kvar du vender blikket, får du flotte naturopplevingar, enten om det er surfebølger i vest, klatring i sør, isbrear i aust og fjella i nord.

På linja Friluftsliv Explorer 360 får du oppleve rå natur tett på kroppen, kjenne spenning, mestring og samhald!

Du får vere med på små og store opplevingar gjennom heile året. Nokre dagar klatrar vi på Beachen i Loen. Andre dagar padlar vi på Nord-Europas djupaste innsjø eller går toppturar til fots, på ski eller truger.

Få naturen tett på kroppen og prøv mykje forskjellig!

🏄‍♂️ Surfing i Hoddevika

Vi prøvar surfing, padling og dykking i Hoddevika, Ervik og andre fine plassar.

🏕️ Sov under stjernene

Vi overnattar i telt, snøhole, hengehøyer, bungalows og under open himmel.

🧗‍♂️ Klatre der utsikta tar pusten frå deg

Vi testar høgdeskrekken i flotte utandørs buldre- og klatrefelt som «Beachen», Via Ferrata Loen og Hornelen.

🎿 Toppturar

Vi dreg på toppturar både sommar og vinter. Her får du prøve alt frå sykkel, telemark, snowboard og randonee.

🧊 Brekurs, isbading og isklatring

Vi klatrar på Supphellebreen og tar forfriskande bad midt på vinteren. Gjerne etterfølgt av ei varm badstu eller bålkos.

🌪️ Stormnatt ved Stadt

Vest ved havet får du kjenne på naturkreftene når vi jaktar etter haustensstormar og overnattar i Kråkenes fyr.

Dette vil du lære:

Dette er året der du skal bli trygg i naturen. Her får du sjansen til å ta fleire kurs og sertifikat:

  • Brattkort: Lær deg sikring, kameratsjekk og klatreteknikkar, og få bevis på at du kan klatre med tau og sikring på godkjent nivå.

  • Våttkort: Lær deg padleteknikk, egenredning og trygg ferdsel på vatn. Du får kursbevis frå Norges Padleforbund som viser at du har grunnleggande kunnskap om sikkerhet, teknikk og risikovurdering.

  • Skredkurs: Lær deg å identifisere skredfare, bruk av skredsøkar og korleis du kan bevege deg sikkert i snø- og fjellterreng.

  • Grunnkurs i brevandring og kameratredning: Du får grunnleggande ferdigheiter i ferdsel på bre, redning og kameratansvar.

  • Grunnleggande førstehjelp: Lær deg førstehjelp, hjarte- og lungeredning (HLR), sårbehandling og spjelking.

Målet med året på linja Friluftsliv Explorer 360 at du skal sitje igjen med ein sterkare sjølvtillit og mestringsfølelse ute i naturen, og at du skal få utfordre deg i nye aktivitear! Samtidig skal du få nyttige erfaringar og kunnskap som du kan bruke vidare i utdanning, arbeid og livet ellers. Her får du eit godt grunnlag for utdanning innan idrett, friluftsliv, redning, politi, brann, eller du kan bruke kompetansen din inn mot reiselivsbransjen

Kven passar linja for?

Linja passar for deg som er glad i å vere ute i naturen heile året. Du likar å vere i bevegelse og tar gjerne ei utfordring.

Våre forventningar til deg

  • Du likar å vere aktiv og prøve nye aktivitetar, sjølv om det er litt utanfor komfortsona di

  • Du har ei positiv innstilling

  • Du møter opp, gjer ditt beste og viser respekt for folk og natur

  • Du tar ansvar og vil bidra til eit godt fellesskap, både på turar og på skulen

Søk her

Sjekk ut @friluftslivfjordanefhs på Instagram!

Lærar på Friluftsliv Explorer 360

Emilie har alltid hatt naturen som sin leikeplass og arbeidsplass. Ho er eventyrar, hundekøyrar og friluftsentusiast, og har jobba med friluftsliv og dyr så lenge ho kan hugse.

Gjennom åra har ho vore både guide, turleiar og jobba på ei turisthytte på Hardangervidda. Ho har også jobba på friluftsbutikken Revir i Oslo og har til og med vore kjøkkensjef på restaurant!

Emilie har utdanning i natur- og opplevingsbasert reiseliv i Sogndal og har budd både i Australia og på Costa Rica. Ho elskar å reise, leve enkelt og vere ute, enten ho står på ski, søv under open himmel eller dagdrøymer om lange ekspedisjonar i isødet med dei sju polarhundane sine.

Møt Emilie

Snakk med Emilie

Møt Kjartan

Lærar på Friluftsliv Explorer 360

Kjartan elskar å utfordre elementa som finst ute i naturen, året rundt. Han klatrar på alt fra småstein til større fjell, går på fjelltoppar med både ski og sykkel, og likar å utforske havet, både over og under, i vinden og på bølgene.

Han er utdanna friluftslivslærar ved Universitetet i Sørøst-Norge, og har erfaring som instruktør og rettleiar innan eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar.

Snakk med Kjartan

Møt Ida

For Ida var overgongen til høgare utdanning utfordrande. Ho bestemte seg for gå eit år på folkehøgskule i stadanfor, eit valg ho ikkje angrar på.

– Jeg sitter igjen med tanken om at folkehøgskole er de beste pengene jeg noen gang kommer til å bruke. Jeg har fått utviklet meg som person, fått tilbake motivasjonen, møtt nye mennesker, prøvd nye ting og fått en pause fra karakterpresset, seier Ida.

Ida | Elev 2023-2025

Les heile historia

Litt om kvardagen på skulen

Sjekk ut

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Send søknad

Kva seier elevane våre?

Bli kjent med oss på Instagram