Ida tok pause frå studiet for å gå på Fjordane folkehøgskule
Tekst av Julie Byberg Bø, oversatt til nynorsk. Foto: Ida Vangen
Studie og folkehøgskule er to heilt forskjellege kvardagar, seier 20 år gamle Ida Vangen.
Sist oppdatert 13.03.2025
– På folkehøgskole får man selvtillit, motivasjon og minner for livet, seier Ida Vangen (20) fra Hønefoss.
Etter Medier og kommunikasjon på vidaregåande, byrja Ida på ein bachelor i friluftsliv i Sogndal. Overgangen til høgare utdanning var utfordrande. Difor valde ho å ta ei pause frå studiane for å gå på folkehøgskule.
Ida går no på Fjordane folkehøgskule, linja Friluftsliv Explorer 360.
– Linjen lar oss prøve alt innen friluftsliv, sier hun.
Toppturar og telturar er ein av mange aktivitetar Ida har vore med på.
Mangla motivasjon for studie
– Jeg sitter igjen med tanken om at folkehøgskole er de beste pengene jeg noen gang kommer til å bruke, seier Ida.
Etter vidaregåande var ho usikker på om ho var klar for å starte rett på studie. Ho kikka litt på folkehøgskule, men enda likevel opp med å gå rett på utdanning.
Studiestarten var vanskeleg, og Ida følte seg utanfor. Manglande motivasjon og ei kjensle av å henge etter, førte til at ho søkte om permisjon og byrja på folkehøgskule i staden.
– Jeg var yngst i klassen. De fleste der hadde mye mer erfaring fra friluftsliv etter å ha gått ett eller to år på folkehøgskole, sier hun.
“Jeg sitter igjen med tanken om at folkehøgskole er de beste pengene jeg noen gang kommer til å bruke. Jeg har blitt kjent med mange mennesker og fått venner for livet.”
Etter eit halvt år orka ho ikkje meir. Det fekk henne til å våge å søkje permisjon frå bacheloren for så å søkje på folkehøgskule.
– Jeg valgte å gå på folkehøgskole for å få mer erfaring innen friluftsliv, utvikle meg som person, få tilbake motivasjon, ta pause fra karakterpress, eksamen og studier, møte nye mennesker og prøve masse nytt, seier ho.
Nordfjord er eit eldorado for klatring! Foto: Ida Vangen
Ida har lidenskap for alt innanfor friluftsliv. Ho elskar både klatring, buldring og ski. Likevel var det først og fremst gjennom fotografering at interessa for naturen voks.
– Jeg har stort sett med meg kamera overalt, sier ho.
To ulike kvardagar
Ifølgje Ida har året på folkehøgskulen så langt vore fylt med nye opplevingar. Ho har fått prøvd seg på mellom anna breturar, surfing, alpine utfordringar i Østerrike, seilskuteopphald, klatring og skikøyring.
Ida meiner studie og folkehøgskule er to heilt ulike kvardagar.
– I studietiden hadde jeg lite motivasjon, var stadig stresset over skolearbeid og klarte ikke å være meg selv. Jeg følte jeg hadde dårlig tid og klarte ikke å nyte hverdagen. Mens på folkehøgskolen fikk jeg endelig senket skuldrene.
Ho anbefalar folkehøgskule.
– Du knytter sterke bånd med mennesker på veldig kort tid. Du får oppleve ting som du ellers aldri hadde gjort på egenhånd. Du får bedre selvtillit, mer motivasjon og ikke minst minner for livet.