No kan du søke!
Opptaket startar 15. november. Ver tidleg ute for å sikre deg plass!
Vil du sikre deg plass er det lurt å vere tidleg ute. Allereie 15. november startar første opptaksrunde til folkehøgskulane.
Publisert: 15.10.2025
I motsetning til andre skuletypar har folkehøgskulane ingen fast søknadsfrist. Etter 15. november blir søknadane behandla fortløpande. For deg betyr det: til tidlegare du søker, til større sjanse har du til å få plass på linja du ønsker deg mest. Dei mest populære linjene kan bli fulle berre få dagar etter førsteopptaket.
Tre tips til deg som vil søke på Fjordane folkehøgskule
1. Utforsk skulen og linjene våre
Kvar folkehøgskule har sitt eige miljø, sine verdiar og sin måte å gjere ting på. Sjå gjerne igjennom våre profilar på Instagram og TikTok, sjekk ut heimesida og les kva tidlegare elevar fortel under våre elevhistorier.
2. Ver tidleg ute
Søk før 15. november for å vere med når opptaket startar. Det aukar sjansen for å få plass på linja du har mest lyst til å gå på.
3. Sjekk kva linja krev
Les kva kriterier linja har før du søker slik at du stiller betre forberedt i søknaden din.
Den berømte surfestranda Hoddevik ligg ein liten køyretur frå skulen vår.
Dette skjer etter du har søkt
Når opptaket startar 15. november, får du svar kort tid etter. Får du plass, har du om lag ti dagar på å bestemme deg. Plassen er ikkje bindande før du har betalt eit lite administrasjonsgebyr.
Lurar du på noko?
Har du spørsmål og lurar på noko, ikkje ver redd for å kontakte oss.