Øyhopping | Filippinene
Bli med på ei reise til Filippinene som du seint vil gløyme! Dette kan du sjå fram til:
🏝️ Båttur og øyhopping
🏄 Bading og surfing langs kvite sandstrender
🍅 Ete lokal mat laga av ferske råvarer
🐢 Snorkling og fridykking blant skilpadder og fargerike fiskar
🛖 Bu i bungalow på stranda
🚣♂️ Kajakkpadling i laguner
🧗 Fjellklatring og strandvolleyball
🧺 Marked og matlagingskurs
🧘♂️ Yoga og mykje meir!
💚 Gleda av å hjelpe andre
Gjennom bistandsprosjektet «Prosjekt Filippinene» skal vi i løpet av skuleåret arbeide for å betre oppvekstvilkåra til born og unge på Filippinene.
På denne givande studieturen vil du oppleve landet på nært hald og sjå korleis innsatsen din utgjer ein forskjell. Du vil bli kjent med det vakre landskapet, dei varme folka og den unike kulturen. Du vil møte folk der dei bur og lever, og vi skal besøke skular og nærmiljøet, men også utforske skjulte strender, dra på båttur og bade i solnedgangen.
Sjølv om vi prioriterar kortreiste turar og vel buss framfor fly, gjer vi eit bevisst unntak for turen til Filippinene på grunn av prosjektet si enorme betydning. I bagasjen tar vi òg med oss alt vi kan om miljøvern og avfallshandtering, slik at vi også kan bruke turen som ei moglegheit til å dele kunnskap om korleis vi alle kan ta betre vare på planeten vår – spesielt med tanke på plastavfall i havet, som er ei stor utfordring på Filippinene.
Bli med og opplev korleis bistandsarbeidet vårt kan forandre liv og gje håp for framtida. Dette blir ein fellestur du aldri vil gløyme!
Bilda er lånt frå «Prosjekt Filippinene» og Tao Philippines.