Vikingtokt | Island

 

Tokt til Island

Før flyet tek oss til Island, vil vi bruke eit par dagar på å få med oss det beste austlandet og Oslo har å by på frå vikingtida.

Vestlandet og Island har mykje til felles, som trangen til frihet og lynnet vårt, sagaen og historia som vi deler. Når vi reiser til Island skal vi på museum, sjå historiske stader, besøke Alltinget, sjå naturen, lære meir om runer og norrønt talemål og sjå det Snorre sjølv såg, samt møte folk som studerer historie og språk på Island.

 

Utforsk landet av ild og is

Dei modigaste får prøve seg på å ri, og på glima-bryting, Islands tradisjonelle nasjonalsport. Alle får prøve å bade i varme kjelder, og ta inn det eineståande landskapet med isbreane, der deler av Game of Thrones er spelt inn. Du vil merke at Du er i eit land der lava og is har forma naturen. Turen kjem like før vårløysinga på Island. Det blir også tid til å bli litt kjent med folket og Reykjavik. 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Vintertur | Stigedalen

Neste
Neste

Linjetur til Europa