Bli med på eit skikkeleg fjelleventyr i Alpane! På denne 14 dagar lange turen reiser vi med tog gjennom Europa til Austerrike, der spektakulære fjell, nye utfordringar og opplevingar ventar. Dette kan du glede deg til:
Fjellvandring i Tyrol, på over 2000 meters høgde
Overnatting på fjellhytter (“Almar”), der vi får servert mat og ei seng og sove i
Togreise gjennom Europa til Austerrike
Klatring, rafting og stisykling i Ötztal
Besøk i Innsbruck, ein by omgitt av høge fjell
Natur- og kulturopplevingar saman med klassa
Turen startar med ei togreise gjennom Europa. Vi tek oss god tid på vegen sørover og reiser meir miljøvennleg med tog til Austerrike, der nokre av Europas flottaste fjellområde ventar.
I Tyrol legg vi ut på ei 5–6 dagar lang fjellvandring gjennom Alpane, med ruter på over 2000 meters høgde. Her får du utfordre deg sjølv, oppleve storslått natur og vakne til fjellutsikt kvar morgon. Kvar kveld kjem vi fram til ei ny fjellhytte, der vi får servert mat og ei god seng å sove i.
Etter fleire dagar til fjells går turen vidare til Innsbruck, før vi set kursen mot Ötztal. Her ventar nye utfordringar med klatring, rafting og stisykling i spektakulære alpine omgjevnader.
Etter 14 dagar med fjelluft, aktivitetar og nye opplevingar tek vi flyet heim til Noreg. Med oss har vi erfaringar, meistring og minne frå eit fjelleventyr vi har opplevd saman.