Spania - Bu og fritid

spania-buogfritid1.JPG

På tur til Spania i trygge rammer

Utanlandsturen vår er lagt til vårsemesteret, og har dei siste åra gått til det sørlege Spania, nærare bestemt til Andalucia. Vi reiser ilag med kunstklassa. Her møter du eit rikt kulturliv i ein delstat prega av gamalt og nytt, både nord-afrikansk og europeisk. Turen er ikkje inkludert i linjekostnadane.

På nært hald får du oppleve kunst, gamal og ny arkitektur, yrande folkeliv og mattradisjonar. Nokre av tinga du får sjå er Samtidskunstmuséet og Picassomuséet i Malaga, og kirkekunst i dei gamle katedralane. Vi vil også fokusere på korleis det er lurt å bruke pengane på tur. Det er ei fin anledning til å få prøve seg på å bestille og prøve nye matrettar i eit nytt land. Å ta seg fram i eit framand land kan også vere spennande. Vi trener på å finne vegen til restauranten, viktige stader i byen vi er i, og hostellet vi bur på.

Vi skal sjå Kristoffer Columbus si grav i Sevilla, oppleve yrande folkeliv i trange gater og på breie avenyar, smake på grilla blekksprut og muslingar kokt i kvitløk og vin på tradisjonell tapasrestaurant, og ete churros og drikke varm sjokolade til frukost. Vi skal også mingle med dei lokale på matmarknaden, og kanskje smake på noko du ikkje heilt veit kva er.

Vi skal vandre rundt i ein maurisk festning og speide utover Middelhavet, sykle langs strandpromenaden mens vinden bles deg mjukt og varmt i ansiktet, plukke ei appelsin rett frå treet, besøke kalifens harem i Alhambra, og nyte utsikta til snødekte fjell i Sierra Nevada, samt vandre opp på klippene i Gibraltar og sjå over til Afrika.

Andalucia er Flamencoens fødestad, så her får du ein presentasjon av denne berømte dansen, akkompagnert av gitar og song.

Sidan vi er i «syden» vert det sjølvsagt tid til litt strandliv. Byane og stadane vi besøker kan variere frå år til år, men Malaga er inn- og utreiseby.

Bemanninga på denne turen er sterkare enn dei andre linjeturane. Det er ekstra viktig å kjenne seg trygg på tur. Vi hjelper til med det som trengst, og det varierer sjølvsagt mykje frå elev til elev.

Innkvarteringa er på hostel av nøktern standard, stort sett i 2-4 manns rom med eige bad og toalett.

 

linjeturSiri Merete Endal