Kingsland Oslo Horse Show - Hestelinjer

KOHS.jpg

Stallvakt og tilgang “backstage”

Som elev på hestelinjene får du sjansen til å vere med ”backstage” på KOHS. Dei siste åra har elevar ved Fjordane folkehøgskule fått mogelegheit til å jobbe som stallvakt under arrangementet som held til i Telenor Arena på Fornebu i Oslo. Då har du vakter på 4 timar, som inneber arbeid som til dels portvakt inn til stallane og å halde orden på stallområdet.

Sjå og opplev heile arrangementet

Som betaling for jobben får du tilgang til heile arrangementet, gratis. Du får tilgang til blant anna ryttartribuna og du får mogelegheit til å sjå alle dei internasjonale hestane og ryttarane i stallane og på bana på nært hald. Det blir ei veke med mange nye opplevingar. Utgftene til denne turen blir reisa til og frå skulen, og overnattinga. Eit måltid i tilknytting vakta di er også inkludert.

Forrige
Forrige

Spania - Bu og fritid