Danmark-Hestelinjer

På denne skuleturen kan du dyrke hestegalskapen din i fem dagar til ende. Her får du bli med til Herning for å oppleve hingstekåringa for Dansk Varmblod. Saman med dine medelevar får du sjå vakre hingstar som stiller til kåring, og du får moglegheit til å sjå dressur- og sprangkonkurransar på elitenivå.

Hingstane som stiller til kåring skal bedømmast på fleire områder. Dei skal blant anna laushoppast, longerast, og lausmønstrast. Alt dette kan du vere med å sjå på, og kanskje du finn deg en favoritt? Kanskje klarer du å plukke ut den hingsten som går til topps i kåringa?

I konkurransane som blir arrangert får du oppleve hestar, ryttera og riding av høg kvalitet. Det er deltakarar frå fleire land i Europa, inkludert nordmenn, som du kan vere med å heie fram i forrykande omhoppingar med høg fart og mykje spenning. I dressurkonkurransane rir dei på nivå frå intermediare helt opp til Grand Prix. Her får du sjølvsagt også oppleve og beundre fleire talentfulle hestar og ryttera på banen.

Kvart år blir det arrangert eit spektakulært Gallashow. I gallashowet får du med deg eit vidt spekter av stunts, dans, sang, lyd, lys, fart og spenning – alt dette kombinert med imponerande ridning, vakre hester og variert underhaldning for alle hestefrelste. Eit absolutt høgdepunkt for turen til Herning.

I tillegg til hingstekåringa er det eit stort messeområde med over 300 utstillarar som tilbyr salg av hesteutstyr. Messa heter «Hest og Rytter» og her kan du finne omtrent alt mellom himmel og jord til deg og hesten din. Shoppingmoglegheitene er uendelege!

Under opphaldet i Danmark bur vi på ein koseleg vandreheim i byen Silkeborg. Her får du vere med på kjekke kveldar med sosiale aktivitetar, leik og moro. Det skal også nemnast at maten på vandreheimen er veldig god. Du får heimelaga og variert mat, med eit svært godt utvalg.

På tilbakevegen, før vi tar båten tilbake til Norge, har vi tradisjon i å besøke et stutteri. Dei siste åra har vi bytta mellom å besøke Blue Hors og Andreas Helgstrand. Begge stutteria er blant dei største i Danmark. Her får vi ei omvisning på anlegget, og får innblikk i korleis ting foregår på desse store stutteriet som avlar fram mange gode hingstar år etter år.

Når turen nærmar seg slutten er du fylt til randen med hestlige inntrykk, inspirasjon og motivasjon. No kan du glede deg til å fortsette arbeidet med hest og riding når du kjem tilbake til skulen.

 

Hingstekåring Herning.jpg
linjeturSiri Merete Endal