København-Nysirkus

P4062280.JPG

For motivasjon og nye impulsar reiser sirkusklassen på ein årleg utanlandstur. Vi reiser til høgare sirkusutdanningar som elevane kan søke seg inn på, møter andre sirkusartistar og knyter kontakter. Vi ønsker å oppleve mangfaldet av sirkuskulturen som ein finn i Europa. 

Skuleturen til Nysirkus er inkludert i skulepengane. Den står fast på programmet i vårsemesteret, og destinasjonen varierar frå år til år. Dei siste åra har vi vore i London, Stockholm, Rotterdam og København. Felles for dei fleste turane er at vi legg opp til å besøke ein anna sirkusskule. Vi har vore gjestar både på Dans- och Sirkshögskolan, Codarts og Chapitô, for å nemne nokre.

Formålet med turen er i første rekke å få fagleg inspirasjon og påfyll. Vi reiser heim med ny motivasjon og lærdom, etter å ha fått møte andre med samme interesse og eit større fagmiljø innan nysirkusverda.

I tillegg til at du skal få utvikle deg fagleg, er det sjølvsagt eit viktig poeng at vi skal ha ein kjekk klassetur saman. Vi har mange fine sosiale opplevingar saman, og utforskar byens kultur og sjåverdigheiter.

linjeturSiri Merete Endal