Vikingliv

 
 

Fascinerer vikingtida deg?

Vikingtida er framleis levande på Nordfjordeid, heimstaden til vikingkongar og ein sentral stad i vikingtida. I dag er spora frå denne tida henta fram igjen på Sagastad, som husar Myklebustskipet, Norges største rekonstruerte vikingskip. Du får altså vikinghistoria tett på deg på Fjordane folkehøgskule, men det viktigaste er sjølvsagt alt du skal få lære i løpet av dette året. På skulen held vi på å opparbeide vårt eige vikingtun, med langhuset som sjølve hjartet i tunet.

Vikingliv er eit liv med mykje variasjon i dagane, spennande kunnskap og glede. Vi reiser også på spennande studietur til sagaøya Island.

 

La oss vise deg litt av mangfaldet på Vikingliv:

• Reiser til Island og Vestlandet

• Vikingskipsmuseet i Oslo, tba

• Bli med på å lage Vikingmarknad, tba

• God innføring i blankvåpenkamp og islandsk glima

• Ro og segle Vikingskipet Arni

• Lag alt det du treng av kle og utrustning

• Smie og grindbygg, innføring

• Historie, tru, samfunn og tankesett

• Leikar, kamp, historiske spel og musikk

• Vikingane likte å fortelje, å skape og å pynte seg

• Lag enkle smykke av bein, horn og metall

• Brodere motiv med dei same teknikkane som vikingane brukte

• Veve brikkeband og nålebinding

• Pil og boge

Hauste og skape av det naturen byr på

Vikinglivlinja har fokus på matauk og sjølvberging. Vi haustar frå naturen, lærer om slakting og korleis bruke heile dyret. Du får prøve deg i rolla som handverkar, og du lære å halde i hevd gamle handverkstradisjonar som stammar heilt tilbake til vikingtida. Metall, tre, stoff, skinn, glas og leire skal formast av deg til ting som ein viking ville ha brukt. Tenk å kunne smi ditt eige bestikk, eller sy dine eigne sko i lær. Du får også lære å sy dine eigne klede, veve med brikkeband, lage smykke og fine ting i tre, for å nemne noko. Dette er linja for deg som vi lære meir om kulturarven vår, både historia og i praksis.

Vikingliv til hest.jpg

Reise og oppleve

I løpet av skuleåret får du testa dei viktigaste framkomstmidla som vikingane nytta, enten på ryggen til fjordhesten eller ved årene i vikingskipet Arni. Du får leve i telt på vikingmarknad og på lokale turar. Vi skal arbeide saman med lokale vikingar og oppleve historiske stader som Gudvangen og Borgundgavla. Du kan også gle deg til «vikingtokt» til Sagaøya Island.

Leirliv

Som viking er det også viktig å kunne slå leir. Vi set opp vikingtelta våre og lagar mat på bål. Leirutstyret får du sjølvsagt lage sjølv. Skei, fat, stol og kiste er noko av det du kan få prøve å skape. Song rundt bålet, akkompagnert av trommer, er med på å skape den rette stemninga.

Fagkurs med lokale vikinglag

Vikinlivlinja samarbeider med enkeltmedlemmar frå Møre Frie Vikingar, og med vårt lokale Nordfjord Vikinglag. Dei kjem og held fagkurs for oss; som å lage honning om til mjød, eller så kjem vi saman i godt lag. Gjerne på ein lokal vikingleir eller marknad.

På tide å gjere det du har lyst til?

Gled deg til eitt eller to år hos oss! Kvart år er det fleire elevar som finn ut at eit år til på Vikingliv freistar. Det tyder på at dei har det bra her hos oss på Fjordane Folkehøgskule.

Lurar du på noko, ta kontakt med Stig Gunnar Myren som er faglegansvarleg for Vikingliv.

Spørsmål om Vikingliv? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

 

Fag

Klikk på faget og les meir.

Vikingliv

Reenactment er for oss å stadig komme nærmere og forstå korleis vikingane levde livet sitt. Gjennom praktiske ferdigheter og kunnskap. Men ut frå kva som er praktisk gjennomførbart i vår eiga tid. Vikingliv er og gleda av lære vekk det vi kan til lokale barn og ungdom.

Historie og samfunn

Åra 793–1066 blir oftast sett på som vikingtida. For å forstå tida bedre legg vi til litt av tida før og etter. Kunnskap om både kva som skjedde og kvifor det skjedde. Sett fra kvinner, rikfolk, friemenn og trell sine auge.

Gudane og myter

Gudane var meir i lynne som folk flest den gongen. Kva kan ein lære om seg sjølv, og livet? Da gjennom å bli bedre kjend med dei historiene som dei norrøne gudane gjennomlevde.

Smie

Skulen har to smier. Ei oppe ved stallane og ei grindbygd-smie nede ved skulen. Ein vil få tilbod om grunnopplæring. Normalt smir dei fleste seg ein kvinneknif, tennstål, beltespenne, spenner og nåler. Ein kan og gå vidare etter dette.

Klær, nålbinding og bånd

Mye tid går med om en vil sy for hånd og med de rett type saum. Plagg av ull og lin. Bukse, kjole, ulike jakker, votter og hodeplagg. Du lærer også litt om prinsippa bak farging av ull. Ulike typer vevnad i stoffet. Nålebinding er strikking med å lage knuter. Så ikke likt strikking eller hekling, men produktet ligner. Brikkebåndveven lager de vakreste mønster båndene som vikingane pynta seg med.

Skinnarbeid

Belte, sko, pose, hanskar til blankvåpen eller veske. Det er mange gode og praktiske ting ein kan få laga seg i skinn. Skulen gir og tilbod om slamakar valfag.

Trearbeid

Vi startar enkelt med skje og fat. Etter det skjold, kister, enkel stol m.m. Bearbeide treet med klyver, øks, sag og tappjern. Høvele og tilstutt etter med linolje, tjære eller bivoks.

Leir og vikingmarknad

Linja har fire store saxsertelt og fult utstyr til å lage mat over bål. Nære været er med oss reiser vi ut og slår leir - eller vi deltek på lokale vikingmarknader.

Fagturar

Tre dagar på Gudvangen vikinglandsby - med tur innom stavkirker. Middelaldermuseet i Ålesund, "Borgundkaupang". Lokale museum og båtbygarane i Bjørkedalen. Sagastad med det nybygde Myklebudstskipet på 30 meter. År om anna tek vi turen til Møre på besøk til Møre Frie Vikingar, Gulating eller andre stadar som er faglege intersante og hyggelege.

Musikk og kvad

Historiske trommer, bukkehorn, lur og lyre. Sang - og forsøk på kveeing og den hyggelege versjonen av galdring. I år har mange av Wardruna sine songar blitt øvd inn. Kvade; lage litt teater, av vikingane eller gudane sin tid er gøy.

Leiker og spel

Det finnes fleire tital historisk leikar. Der vaksne folk leika vel så mykje og hardare enn barna. Brettspel og terningspel som fantes på vikingan sin tid. Hnefatafl; kjent som viking sjak, er det mest kjente. Linja samarbeider også med historiske kortspel utviklare på Island.

Matauk og lage mat

Hausten lagar vi eplesaft, tørker epler og sopp, nype-sirup, slaktar og deler sau. Andre bær og urter, tørke kjøtt m.m. kan det og bli tid til. Både over bål, men og på vanleg kjøkken, lærer de å lage surdeigsbrød fra bunn, flatbrød, partere høne, graut, bygg-gryns velling, ferskost, kalvedans, mjød med meire. Mat til Jolemiddagen og gropsteiking av lamelær og plankefisk til våren.

Blankvåpen - og fjordhest

Selv med blunte sverd, saxser kniver, liten- og danøks, kort og langt spyd kan ein råke kvarandre slik at det svir. Derfor er bruk av skjold, paddinger, grovt hodeplagg / hjelm, tannbeskyttar, susp, tykke sko og briller nødvendige tiltak når ein trener. Riding på fjordhest er eit valfag. Det same er blankvåpen. Elever fra andre klassar kan og delta.

Båt, fiske, ro og segle

Skulen har eigen firbøring, trebåt med 8 årer. Vedlikehald av den, praktisk bruk, fiske og ro. Gjennom eit samarbeid med Nordfjord Vikinglag får ti tilgang på ein sjubøring, trebåt med 14 årer og stort segl. Den vil vi både ro og segle. Snøre- og garnfiske kan det og hende vi tek oss tid til.

Grind og stavbygg

Skule åra 2018 og 2019 jobbe vi på skogen, vøla materiell - og bygde i saman med Edvard Røkkum, som har sitt eige autentiske langhus, ei litt større smie. På turar stopper vi gjerne for å bli bedre kjent med teknikkane.

Pil og Bue

Grunnferdigheter på langbue. Moglegheti til å lage bue fra bunen. Jaktløypa med pil og bue får vi og testa.

Bruke skogen

Å hente ut materiell til det ein laga krever litt. Kva slags tre? Kva med kvist? Vind? For hardt? Uttørket vinterskog? For stivt kan det knekke ved kvisten? Grunnleggande forståelse er noko alle treng.

Steingods

Det er funnen lite keramikk som har overlevd vikingtid i norden. Men noko hadde dei. Vi tar utgangspunkt i kjente fun og praktiske gjenstandar. Leira vil bli brent i raku-ovn, vedfyrt.

Viking Nordfjord.jpg

Sterke kvinner

Kvinnene i Norden var dei mest likeverdige i Europa

Historia om utgravinga av Myklebustskipet på Nordfjordeid.

Forrige
Forrige

Movement X - Modern Circus

Neste
Neste

Allsidig hestesport