Movement X - Modern Circus

 
 
Handstand on the mountain. Akrobatikk i flott norsk natur. Hos oss lærer du å bruke kroppen til utøvande scenekunst. Vi er den einaste skulen  folkehøgskulen i landet som driv med nysirkus!

Einaste nysirkusskulen i landet!

Er du glad i å stå på scena? Jobbe kreativt og vere i fysisk aktivitet samtidig? Kanskje du ser ei framtid med vidareutdanning innan utøvande scenekunst, sirkus eller dans? Dette er linja for deg!

Movement X er også linja for deg som aldri har framført noko på ei scene før, og som ikkje har erfaring med verken sirkus eller dans, men som har veldig lyst å prøve! Sirkuslinja Movement X gir deg ei innføring i scenekunst i form av akrobatikk, dans og drama, og du får fordjupa deg i ulike sirkusdisiplinar som handståande, sjonglering og trampoline, i tillegg til luftakrobatikk som trapes, ring/lyra, tau, tissue og Chinese pole. 

I tillegg til linjefaga tilbyr skulen mange spennande valgfag som er relatert til sirkusfaget: voltige, klatring, musikal, redesign, kunst og mange fleire. 

Kombinasjonen av å kjenne velværet med å vere i god fysisk form, oppdage at ein får kroppskontroll og det å lære å meistre ulike sirkusdisiplinar blir ein stor inspirasjon, som ein tek med seg vidare i livet.

Movement X på Fjordane er den einaste linja i Noreg der ein kan drive med nysirkus på fulltid eit heilt skuleår - utan eksamen!


 
aerial hoop. Scenekunst og sirkus kan bli ein del av kvardagen din på Fjordane folkehøgskule!

Den nordlegaste sirkusskulen i verda!

Vil du finne ein ny måte, oppdage og lære om deg sjølv ved å bruke kroppen og stå på scenen?

Movement X er for dei som elskar å uttrykke seg fysisk. Om du har bakgrunn frå fysisk bevegelse som dans, musikal, turn, parkour eller stuping; sirkus kan bli din nye lidenskap! Sirkus krev motivasjon, samarbeid, innlevelse og lyst til å stå på scenen.

I løpet av skuleåret blir du utfordra på mange måtar. Du vil oppleve å presse deg sjølv, samt styrke kroppen og sjela di, og jobbe dedikert mot eit mål. Du får lære gjennom ein kreativ prosess, lære korleis du konseptualiserer og uttrykker deg sjølv med dine nye ferdigheter. Å oppdage din eigen kroppslighet ved å meistre ein sirkusdisiplin kan vere ein stor inspirasjon for ditt framtidige liv, uansett om du søkjer ei karriere innan scenekunst eller andre felt.

 
 
Sjonglering. Scenekunst og sirkus kan bli ein del av kvardagen din på Fjordane folkehøgskule!

Forventningar

Vi stiller ikkje krav til forkunnskap eller tidlegare erfaring med sirkusdisiplinar, men vi forventar at du er motivert til å lære nye ting og utfordre deg sjølv. Du bør vere over 18 år og du vil få undervisning i sirkusfag 3-4 timar kvar dag i veka. Treningslokala er opne heile dagen slik at du kan øve og trene meir på ettermiddagane/ kveldane.

Elly aerial cube. aerial hoop. Scenekunst og sirkus kan bli ein del av kvardagen din på Fjordane folkehøgskule!

På linja vil du få undervisning i disiplinar som:

- Golvakrobatikk - basert på gymnastikk
- Samtidsdans, akro-dans, golvarbeid og improvisasjon 
- Pair-akrobatikk (hand til hand, pyramider)
- Luftakrobatikk (Trapes, Tissue, Vertikalt tau, AerialStraps, Chinese Pole
- Balanse: Tight Wire, einhjulsykkel, Cyr Wheel, Rola Bola, Håndstående
- Sjonglering: Baller, sprettballer, kjegler, passing og Diabolo
- Trampoline og minitrampoline
- Styrke og mobilitet
- Teater/drama (scenepersonlegheit og klovn)

Vi reiser på interrail gjennom Europa og tek turen innom ein eller fleire sirkusskular. Scenekunst og sirkus kan bli ein del av kvardagen din på Fjordane folkehøgskule!

Utanlandstur

Vi reiser på interrail gjennom Europa, der vi får sjå vakre byar og oppleve sirkuskultur på sitt beste. Vi legg også turen innom ein eller fleire sirkusskular. Du kan lese meir om linjeturen vår her.


acrobatics. Akrobatikk i flott natur. Nordfjordeid i solnedgang. Scenekunst og sirkus kan bli ein del av kvardagen din på Fjordane folkehøgskule!

Springbrett til vidare studier i utlandet:

Springbrett til vidare studier i utlandet:
Kvart år er det nokre elevar som brukar året på Fjordane som springbrett til vidare studier i utlandet og ein karriere som profesjonell sirkusartist.

Sofia-contortion-trapes.jpg

Spørsmål om sirkuslinja?

Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880 / Contact sheet or call us +47 57889880

Linkar til nokre få, av mange, tidlegare elevar som jobbar med sirkus / Links to former students who are now professionals:

Martin Riedel

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Musikal West End

Neste
Neste

Vikingliv