Til deg som ønsker å ta med eigen hest

Kvart år er det ein del elevar som vel å ta med sin eigen hest. Det gir deg og hesten ein god moglegheit til å bli betre saman. Du kan bruke hesten din på tre ridetimar i veka, i tillegg til at du kan delta på ulike valfag og fordjupningsfag med hest. Alle elevane kan få ekstra hjelp med hesten sin dersom det oppstår problem i til dømes riding, køyring eller handtering.

I tillegg til undervisninga på hestelinja er det mogleg å delta på kurs i riding og køyring i regi av lokale arrangørar. I samarbeid med rideklubben arrangerer Fjordane folkehøgskule også stemne minst to gongar i halvåret.

Dersom hesten din blir sjuk, skada eller halt, er det mogleg å låne ein skulehest slik at du ikkje går glipp av undervisninga. Du kan også velje å kombinere bruk av skulehest og eigen hest i undervisninga. På denne måten får du moglegheit til å prøve deg på andre hestar.

Norsk Fjordhestsenter

norskfjordhestsenter.jpg

All undervisninga på hestelinja går føre seg på Norsk Fjordhestsenter AS, som er eit stort ridesenter med to ridehallar (20 X 40 m), flott utebane (40 x 80 m) og god oppstalling for både store og små hestar. Der er også ein fin ridesti som tar deg frå Fjordhestsentret og rett opp på fjellet utan at du må gå i trafikken med hesten din.

Sidan undervisninga går føre seg på Norsk Fjordhestsenter (ca 10 minutt å gå frå skulen), er det mange elevar som vel å ha hesten sin oppstalla der. Prisen per månad er for tida kr. 4 000,- for elevar med hest av nasjonal rase og kr. 4 450,- for andre raser. Du kan kontakte Norsk Fjordhestsenter for å få vite kva som er inkludert i desse prisane og aktuell pris. Har du hest oppstalla her har du fri tilgang til ridehallane og utebana når dei er ledige. Du kan lese meir om kva oppstallinga inkluderar her.

Viktig: For å bestille oppstallingsplass må du sjølv avtale direkte med Norsk Fjordhestsenter enten på telefon: 57 86 48 00, eller på e-post.

Stall Os

Mellom skulen og Norsk Fjordhestsenter ligg Stall Os som også tilbyr oppstallingsplassar. Her kostar ein oppstallingsplass kr. 3 250,- per månad. Ta kontakt med eigar for å finne ut kva som er inkludert. Dersom du bruker ridehallen på Norsk Fjordhestsenter utanom organisert undervisning og står oppstalla på Stall Os må du ha hallkort på kr. 600,- i månaden. For informasjon og bestilling, ring Stall Os (Lene) på telefon 401 71 167 eller på e-post.

Felles for begge stallane er at ein er ansvarlig for inn/utslipp av hesten sin, men dei er behjelpelege dersom det er opplegg i forbindelse med skulen.

Når det gjelder stallvakt, så har skulen ein avtale med Fjordhestsenteret, og alle hesteelevane har stalltjeneste der som ein del av sulen sitt opplæringsopplegg. Dette er for å gi elavene erfaring, kunnskap og kompetanse innanfor alle områder med bruk og drift av hest. Viss ein står oppstallet på Stall Os, skal ein også følge skulen sitt opplegg på senteret.

Lurer du på noko meir kan du sende epost til inspektøren på Fjordane, Annifrid.

Håpar vi ser deg og hesten din til hausten!