Pakkeliste til kreativ saum og strikk
Som elev på denne linja vil du få tilgang til mykje fellesutstyr på skulen. Likevel er det både praktisk og inspirerande å ha sitt eige utstyr, tilpassa dine behov og arbeidsvanar. Under finn du ei oversikt over kva du må ha, og kva som er kjekt å ha.
Du må ha
Søm – Personleg utstyr
✂️ Skreddarsaks
Ei god saks som berre du brukar. Ho treng ikkje vere den dyraste, men bør vere skarp og godt eigna til tekstilar.
📏Måleband Standard
Måleband på minst 150 cm, gjerne med både centimeter og inch.
📖Inspirasjonsbok / Skissebok
Bok med blanke sider som du kan bruke til moteteikningar, skisser og innliming av inspirasjonsbilete. Vel gjerne ei bok med tjukt papir.
📂Perm til mønster
Ei stor perm, gjerne i A3-format, med plastlommer (type "tranpernage-lommer") til oppbevaring av eigne mønster og arbeidsark.
✏️Blyantar og fargestifter
Til skisser og designarbeid. Gjerne fleire nyansar og kvalitetar.
Strikk – Personleg utstyr
🧶Strikkepinnar i ulike storleikar
Tilpassa ulike garn og prosjekt. Det er fint å ha eit utval, inkludert både korte og lange pinnar.
🧷Nåler til å feste trådar
Stoppenåler eller ullnåler til montering og avslutting.
🧶Utskiftbare strikkepinnar (anbefalt)
Dersom du ikkje har noko frå før, anbefalar vi eit sett med utskiftbare rundpinnar. Dei er fleksible og tek liten plass. Ingeborg bruker sjølv settet frå KnitPro, som er eit godt alternativ.
Kjekt å ha
🖍 Eige kritt til merking
Kritt i ulike fargar eller stoffmerkepenn.
🧷Eige sett stoppenåler / knappenåler
Til å feste stoff under arbeid. Praktisk å ha eigne som du veit korleis fungerer best for deg.