Khang Doan, kjøkkenleiar

ikv



Khang er kjøkkenleiar på skulen, og utfordrar elevane med mange nye og spennande smakar. Med sitt gode humør spreier han glede og entusiasme blant både elevar og kollegaer.

Han er utdanna kokk frå Sandsli vidaregåande skule og har ein imponerande karriere bak seg. Med erfaring frå ulike restaurantar i Bergen, Paris, Amsterdam og København har han ein brei kompetanse og ei djup forståing for matkultur.Tidlegare har han arbeidd ved anerkjente stader som Colonialen og Lysverket i Bergen og Aske på Nordfjordeid. Gjennom desse erfaringane har han utvikla ein distinkt stil og eit rikt repertoar av matkunnskap.

Khang er tre barns far, likar japansk anime og TV-seriar. Han finn glede i å sanke urter, bær og sopp, og har ein særs stor lidenskap for grillmat og baking.

Med sin allsidige bakgrunn og lidenskap for matkunst, er han ein inspirerande person som har bidratt til å skape ein spennande og levande matkultur både på skulen og i lokalsamfunnet.

Forrige
Forrige

Aslak Dahle, lærar

Neste
Neste

Johanne K. Ilje, linjelærar og song/dramalærar på Musikal West End