Brighton og London - Musikal

Opplev West End på nært hald

Linjeturen til Musikal West End går til England, med London og Brighton som utgangspunkt.

Unikt samarbeid

Ein av grunnane vi reiser til Brighton på klassetur er på grunn av det pågåande samarbeidet Fjordane folkehøgskule har med Institute for Contemporary Theatre (mest kjent som ICT eller ICTheatre). ICT er eit universitet for utøvande scenekunst; skodespel, dans, song og musikkteater. Vi får kome på besøk på campus, der dei har nettopp pussa opp og satt inn mange nye dansestudio, lyd/videoopptaksstudio, og eit rom dedikert til motion capture. Vi får tilbringe ein heil dag ICT, der vi får ulike workshops i mellom anna song og stemmeteknikk, og drama/monolog..

Vakre Brighton!

Brighton er ein nydeleg by på sør-kysten av England med bohemsk atmosfære og miljøvennlig stemning. Ein kan gå gjennom The Lanes, den eldste delen av byen, gjennom koselige smågater og gammal arkitektur. North Laines er full av boutique-style små butikkar: vintage kle, bokhandlar, kaféar, kunst og musikk. Byen er også kjent for sin fargerike gatekunst, med mange vakre veggmaleri og grafitti-kunst. 

Brighton har også ei veldig fin strandlinje, med ei fin gå-gate langs kysten kalla The Promenade. Ved havet ligg også Brighton Pier. Her kan ein spasere og sjå utrulege solnedgangar, og på enden av denne store brygga ligg det også eit lite tivoli og ein arkadehall.

Brighton er også kjent for sin LGBTQ+ kultur, og sist vi var på tur fekk vi moglegheita til å vere publikum på eit Drag Show. Ein kveld med mykje latter og synging, og ein veldig positiv oppleving for både elevar og lærar.


London in our hearts!

London treng kanskje ikkje ein lang introduksjon, men er ein av verdsmetropolane - her får en verkeleg oppleve West End på nært hald! På linjeturen i 2022 fekk gruppa billettar til The Play That Goes Wrong, eit latterfullt skodespel om ein teatertrupp som prøver å sette opp eit mord-mysterie, men der alt går galt. På Apollo Victoria Theatre fekk linja vere publikkum på musikalen Wicked som har vore spelt på West End sidan 2006. Scenografien og stemninga på denne musikalen er heilt fantastisk og elevane gjekk ut der i frå med grønnfarga iver for musikalfaget.

På grunn av Fjordane sitt samarbeid med ICT fekk vi også gratisbillettar til verdens største danseevent, MOVE IT. Dette vart ein dag med full rulle på danseshow etter danseshow, med utruleg mange fantastiske dansarar og koreografiar. ICT sine elevar gjorde det veldig bra, og energien på MOVE IT var utan like.

Når ein er på tur til London høyrer det også med å besøke British Museum, Camden Market og sjå nokre av dei typiske turistattraksjonane som Big Ben og Buckingham Palace. Nokre av turistaktivitetane er lærarstyrt, medan andre får elevane bestemme sjølve.

Forrige
Forrige

Vintertur til Stigedalen

Neste
Neste

Island - Vikingliv