Strandryddeseilas
Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den flotte restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet.
Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap.
Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv!
På strandryddeseilaset kan du oppleve:
- Vere med og rydde strendene for plast og søppel 
- Sette garn og krabbeteiner 
- Fiske 
- Lage mat av sjølvfanga råvarer 
- Segle med Loyal 
- Småturar til lands og til vanns 
Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!
Med atterhald om at endringar kan oppstå.
 
                         
             
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                 
                