Vil du jobbe med hest og ungdom? Vi søkjer ridelærar i 100 % vikariat
Fjordane folkehøgskule i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter søkjer ein engasjert og allsidig medarbeidar i 100 % vikariat frå no og fram til 31. juli 2026 med moglegheit for forlenging. 50 % Av stillinga er tilknytt Fjordane folkehøgskule og 50% er tilknytt Norsk Fjordhestsenter.
Arbeidsoppgåver
• Undervisning i praktiske og teoretiske tema innan hestesport, dyrevelferd, rideferdigheiter og ryttartrening på hestelinje og i rideskulen
• Assistere i undervisning og aktivitetar på hestelinja
• Oppfølging av hestar, stall og stallteneste
• Delta i planlegging og gjennomføring av turar, arrangement og linjeaktivitetar
• Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning eller erfaring innan hestefag minimum trinn I frå Starum.
• Erfaring med ungdom og undervisning er ein fordel
• Gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement
• Praktiske ferdigheiter og tryggleik i arbeid med hest
Vi tilbyr
• Eit inspirerande og inkluderande arbeidsmiljø
• Varierte arbeidsdagar med mykje aktivitet og kontakt med ungdom
• Løn etter avtale
Arbeidsstad
Fjordane folkehøgskule og Norsk Fjordhestsenter, Nordfjordeid
Kvifor skal du velje oss?
• Du får ein jobb med mykje variasjon og kjekke kollegaer. Vi likar å finne på aktivitetar saman, alt frå blåturar og sommarfestar, til felles trening for dei som vil, eller eit slag ping-pong eller biljard i lunsjen.
• Du får ei god pensjonsordning i SPK og ein meiningsfull jobb der du bidreg til at elevane skal skape sitt beste år.
Fjordane folkehøgskule:
• Vi har ni ulike linjer der elevane får dyrke interessene sine og prøve nye aktivitetar. Det gjer kvardagen vår mangfaldig, inspirerande og full av engasjement.
• Vi har høg fagleg nivå og lærarar med allsidig kompetanse på våre hestelinjene
• Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt, noko du får glede av i lunsjen. Dei byr blant anna på lokale og sesongbaserte råvarer så ofte dei kan.
• Du får ein arbeidsplass som tar ansvar:
o Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert og tar miljø- og samfunnsansvaret vårt på alvor
o Vi brukar Fairtrade-produkt som styrkar bønder og arbeidarar i fattige land
o Vi er Debio bronsegodkjent, dvs. minst 15% av matserveringa vår er økologisk
o Vi er ein klimamotivert skule som vil bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle
Norsk Fjordhestsenter:
• Nasjonalt kompetansesenter for fjordhest
• Driv informasjons- og rådgjevingsteneste rundt den heilnorske hesten
• Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordhesten
• Stor kursaktivitet gjennom året
• Seminstasjon
Fekk du lyst til å søkje?
Om dette fristar så håpar vi at du sende søknad og CV på e-post til rektor@fjordane.fhs.no snarast. Har du spørsmål kontakt Rektor Silvia van Hesik Førde på telefon 926 12 455.