Kunst - Foto - Glass- Reise

Kunst - Foto - Glass- Reise

Vil du dyrke og oppdage dine kreative evner? Likar du å utforske og arbeide med ulike materialer? Har du lyst til å reise nært og fjernt, frå vestlandske fjordar til det japanske øyrike? Då er dette linja for deg.

Glede

Fargerikt fellesskap gir utvikling

Å møte andre elevar frå heile landet, som har dei same interessene, gir eit heilt unikt fellesskap og læringsmiljø. Du blir motivert, inspirert og kan utveksle idèar til nye prosjekt.

Den prossessen du går igjennom i løpet av året er nyttig, sjølv om du kanskje ikkje har planer om å gjere dette faget til eit yrke. Du lærer både å arbeide sjølvstendig og samarbeide rundt større prosjekt som “Jul i Stallen”. Dette er noko du får bruk for ved seinare yrkesvalg.

Vil du fortsette med kunstfaget etter året på folkehøgskule, hjelp vi deg med å bygge opp portfolio til søknad til høgskule.

japan-maiko-girl-kyoto.jpg

Reiser – ut og hente ny inspirasjon

“Soloppgangens land” Japan

I vårsemesteret vert det planlagt ei reise til Japan. Her vil vi møte det gamle og det hypermoderne. Eit samfunn prega av høgteknologi, forankra i gamal kultur og tradisjonar.

I tilknytting til reisa vår til Japan, er vi tre dagar enten i København eller Paris. Dette er avhengig av kor vi mellomlandar på turen til Japan.

Kulturopplevingar i Europa

Vi utvidar horisonten og i fellesskap planlegg vi turen til Amsterdam, ein av dei beste småbyane i verden. Frå kanalar til verdskjente museum og historiske sjåverdigheiter, har den alle fordelane ein storby kan tilby.

Vi legg opp til kjekke dagsturar til stormfulle Stad, vakre Jølster med Astrup tunet og Eikås Galleri, og til byen Ålesund med Jugendmuseet og eit besøk til glasblåsarverkstad.

Vi brukar alle linjeturane våre til å få med oss mykje inspirasjon og idèar heim igjen, men like viktig er det at dette er reiser du gjer ilag med medelevane dine, som gir deg opplevingar og minner for livet!

Redesign stol.jpg

Ein praktisk kvardag full av design og redesign

I alle emna får studentane innføring i basisteknikkar – sjølve hemmeligheita bak eit godt resultat. Etterkvart vil du designe dine eigne, personlege kunstverk frå skisser og arbeidsteikningar, til ferdige produkt der berre fantasien set grenser.

Innanfor redesign handlar det å sjå nye moglegheiter og kva ein kan gjere seg nytte av. Brukte eller kasserte material får nytt liv og ny funksjon. Her snakkar vi bærekraft og gjenbruk på høgt nivå. Kva med å lage ein skulptur av metallskrap, eller sy om eit plagg til noko heilt anna?

Du får bruke mykje tid på verkstaden, og jobbe med alle fagområda under kontinuerleg oppfølging og rettleiing av ein erfaren lærar, som også er ein aktiv kunstnar. Med andre ord , ein skuledag fylt med praktisk arbeid, utfordringar, skaparglede og fellesskap.

keramikk venner.jpg

Gode arbeidsforhold

Vi har grafikkpresse, fotorom, keramikkverkstad med dreieskive og ovnar. Glasverkstad med 2 ovnar. Romsleg og lys teiknesal, der du har din eigen arbeidsplass. Verkstadromma er tilnærma døgnopne, slik at du kan jobbe vidare utover kvelden med dei prosjekta du held på med. Då dukkar det gjerne opp fleire av dine medelevar, også frå dei andre linjene, som likar å “henge” på teiknesalen. Praten går, mens du og andre elevar får jobbe med det som opptar deg aller mest.

Faga

Klikk på faget og les meir.

Glass - det nye kunstmaterialet

Hos oss møter mange elevar for første gang det spennande materialet glass. Glass er mogleg å bygge og forme på måtar du truleg ikkje har tenkt på før. Vi arbeider mest med teknikkane fusing (smelting) og slumping (forming) av glasstypen Bullseye. Du lærer glasskjæring etter mål og samansetting av farga glass. Du utviklar ditt sjølvstendige design av fat og figurar. Mange elevar blir "hekta på" glass i løpet av året.

Tegning – tradisjonelt og grunnleggande

Blyant, kullstift, pastell, tusj, konkrete og frie oppgåver. Vi er innom crokie, akt og stilleben. Vi arbeider med skyggelegging, rastrering, perspektiv og dekor.

Maling - fyll ei flate med liv

Her lærer du basisteknikkar innanfor olje og akrylmaling, samt akvarell. Vi arbeider med lys/skygge, form, farge, strøk og komposisjon. Vi brukar plate, lærret, papir og prøver ut alternative overflater

Keramikk - plastisitet i fastform

Vi har ulike leiretypar til ulike uttrykk. Vi lærer handbygging, dreiing, overflatebehandling(begitning, glassur, oksyder og stains), alternative brennemåtar(raku, pitfireing og saggerfireing) og innfarging av leire..

Foto - enkelt og komplisert

Vi lærer foto frå det enkle til det meir komplekse. Instillingar, begrep, komposisjon, lysmåling, fotografisk blikk, naturleg og kunstig lys. Dei fleste arbeider i dag digitalt, men vi lærer og den analoge prosessen. Vi arbeider i studio, ute i naturen, i lokalmiljøet og i klasserommet. Du treng ikkje avansert utstyr, men det er stor fordel med eige utstyr.

Andre uttrykk – eksperimentelt og utradisjonelt

Vi leikar med streetart, geriljabrodering, landart, innsamla materiale frå natur, gjennbruk og nærmiljø. Eller kanskje DU har ein grensesprengande ide som vi kan kan gjere til realitet.

Vi tilbyr eit skuleår der du blir utfordra og rettleia slik at du får utvikla dine kreative evner og nå måla dine innanfor områder som glass, tegning, maling, keramikk, foto, design og redesign.

Spørsmål om Kunst - Foto - Glass? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design