Allsidig hestesport
Vil du oppleve eit år med hesteglede – der du og hesten står i sentrum? Eit år der du får prøve alle greinene innan hestesporten – alt frå dressur, sprang og feltritt, til halsring og køyring? Då er du på rett plass.
Her på Fjordane Folkehøgskule får du oppleve eit variert og kjekt år saman med hesten og andre menneske som er like opptatt av hest som du er. Du vil også få ein god smakebit på alt Nordfjord har å by på – både saman med hesten, men også på fellesturar med elevar frå dei andre linjene.
Ta med din eigen hest eller lån ein av våre flotte skulehestar
Dette kan du vente deg
🐎 Variert undervisning slik at du får utvikle deg innan både klassiske disiplinar og samtidig får prøve alternative greiner som working equitation, natural horsemanship, voltige, mounted games og westernriding.
💪 Å utfordre deg sjølv i ulike settingar. Du får prøve alt frå feltritt, polocrosse, agility, naturridebane, til riding og overnattingsturar i flott vestlandsnatur.
🥰 Å bli ein del av eit miljø der alle delar lidenskapen din for hest.
💚 At vi er opptatt av at hesten skal ha det bra og har stort fokus på hestevelferd.
🎓 Undervisning tilpassa ditt nivå, enten du er fersk på hesteryggen eller har mykje erfaring og vil lære meir.
Dette vil du lære
Korleis du kan byggje eit sterkt samspel med hesten. Du vil lære å forstå hestens kroppspråk og signal, og korleis ditt eige kroppsspråk og kommunikasjon påverkar den.
Hestevelferd
Dressur
Sprang
Feltritt
Sportskøyring (dressur/presisjon/maraton)
Longering og tømmekøyring
Fôringslære
Veterinærfag/sjukdomslære
Utstyrslære
Hovpleie/beslag
Moglegheit til å ta Grønt Kort
Konkurranseridning
Salmaker
Våre forventningar til deg
For at du skal få best mogleg utbytte av året er det viktig at du:
Er motivert og interessert i hest
Ønskje å samarbeide og hjelpe andre
Open for læring
Vil prøve nye ting – "Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert", Pippi Langstrømpe mentalitet
Lån ein av våre skulehestar
Har du ikkje hest, men drøymer om det? Då kan du låne ein av våre skulehestar. Alle våre skulehestar er fjordhestar eller «fjordingar» som dei også kallast. Noko anna hadde kanskje vore litt rart? Vi heite tross alt Fjordane Folkehøgskule og held til midt i Nordfjord. Visste du at fjordhesten er super til å utforske allsidig hestesport med? Den er ein god læremeister, som både er sterk, uthaldande og samarbeidsvillig.
Fellesskap på hestelinjene
Vi er ofte i lag med dei to andre linjene, Ride- og køyresport og 2.års hestesport, i kvardagen. Både på fritida, men også i noko av undervisninga. Undervisninga inneheld både praktiske og teoretiske fag, der vi fokuserer på hestehandtering og hestekunnskap.
Programridning og stevner
Laushopping
Tømkøyring og longering
Utstyrslære, korleis påverker ulikt utstyr hestens komfort og ytelse
Hestekunnskap, temaer som anatomi, fysiologi, helse og ernæring
Ridelære og teknikk- korleis forbetre vår eige ridestil og kommunikasjon med hesten
Etikk og forståing av hestehald og hestesport
Besøk av veterinær og salmaker
Ryttartrening
Nordfjordeid har eit engasjert hestemiljø som gir moglegheiter til å delta på kurs og helgeaktivitetar utover skuletida også.
Vi legg stor vekt på at elevane ved hestelinjene skal få vere med å forme skulekvardagen og skape sitt år. Dermed kan innhaldet på linja variere noko frå år til år.
Opplev hingsteutstilling
Første helga i mai blir den årlege hingsteutstillinga for fjordhest arrangert på Nordfjordeid. Den tiltrekk seg hesteinteresserte frå både inn- og utland, og du kan få med deg flotte hestar, mønstring, testridning/køyring og mykje meir. I forkant kan du sjølv få øve på dine ferdigheiter i mønstring og prøve bruksprøvekøyring med skulehestane våre.
Linjeturar
Vi har i utgangspunktet to ulike inspirasjonsturar til utlandet, der hest sjølvsagt er hovudingrediensen! Endeleg destinasjon blir avtalt saman med elevane. Tidlegare turar har vore til Danmark, Portugal og Island
Linjetur: Danmark og/eller Portugal
Gle deg til hingstekåringa for Dansk Varmblod i Herning! Dette er ein fem-dagars tur til Danmark, med hest frå morgon til kveld. Under sjølve kåringa får vi sjå hingstar som stiller til kåring, i tillegg til dressur- og sprangklasser på elitenivå. Vi får også vere publikum på eit spektakulært gallashow. I tillegg kan vi besøke “Hest & Rytter”, Nord-Europas største messe med utstyr til hest og ryttar. Messesenteret er knytt til hingstekåringa, og har meir enn 250 utstillarar.
I Portugal bur vi på eit hestesenter utanfor Lisboa, og du får moglegheit til å ri dressur på velutdanna lusitanohestar under rettleiing av dyktige instruktørar. Du får også prøve deg på dressurøvingar på høgt nivå, som passage og piaff. Du kan sjå fram til å få eit innblikk i levemåten og kulturen i Portugal, og å få smake på heimelaga portugisisk mat. Vi skal også oppleve vakre Lisboa, hovudstaden og den største byen i Portugal
Faga
Klikk for å lese meir om eit utval av faga det blir undervist i:
Beslag
Veterinærfag
Ride- og køyreteori
Salmakar
Dressurriding
Sprangriding
Køyring
Hestekunnskap
Hestehald/hestehandtering
Valfag og fellesfag
Kunne du tenke deg å lære litt meir om vikingliv, eller du har lyst å lære deg sirkuskunstar? Kanskje du likar fjellturar eller klatring, eller kanskje du helst vil ha ei roleg stund med yoga eller strikking? På Fjordane kan alle linjefaga også veljast som valfag! I tillegg har vi eit stort utval av andre valfag. Valfaga dine veljer du når skulen har starta om hausten, og kva fag skulen tilbyr kvart år, kjem an på interessa til elevane og samansetninga av lærarar. Du kan velje frå to til så mange valfag du vil i løpet av eit semester.
Les meir om valfaga på Fjordane.
Valfaga får du vere med på i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke.
Fellesfag er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. I løpet av skuleåret dreg vi på ulike turar, og vi har for eksempel elev-/temakveldar som Halloween og Kokkekamp.
Les meir om fellesfaga på Fjordane.
Elevhistorier
Les meir om kva tidlegare elevar seier om det å vere elev ved hestelinjene på Fjordane folkehøgskule:
Spørsmål om Allsidig hestesport?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.