Movement X Modern Circus

Likar du å vere i fysisk aktivitet og kjenne adrenalinet du får av å stå på ei scene? Kanskje ser du for deg ei framtid innan sirkus, utøvande scenekunst eller dans? Då er dette linja for deg!

Ein gut og ei jente gjer parakrobatikk i slynger
Ein gut sjonglerer ute på tunet til Fjordane folkehøgskule
Vakkert nordlys på himmelen

Sirkusliv i rå natur

På linja Movement X Modern Circus får du fordjupe deg i fleire sirkusdisiplinar, alt frå akrobatikk og luftakrobatikk, til sjonglering og balansekunst. Samtidig har vi stort fokus på utvikling av dei fysiske eigenskapane som er viktige i sirkus: mobilitet, styrke, kondisjon og koordinasjon. Her får du bruke kroppen kvar dag, utfordre deg sjølv og lære nye ferdigheiter.

Undervisninga er praktisk og variert. Du jobbar mykje med kroppen og lærarane følgje deg tett for å sikre progresjon. Du startar med grunnleggande øvingar og går gradvis vidare til meir avanserte triks. Alt føregår sjølvsagt innanfor trygge og sikre rammer.

Treninga skjer på skulen vår i den store sirkussalen. Her har vi alt frå devil sticks til trampoliner, og eit godt utstyrt treningsrom. I tillegg har vi tilgang til Hamna treningssenter.

Psst! Visste du at vi er den einaste sirkuslinja i Norge som er godkjend av FEDEC?

På planen står det

🤸Luft- og golvakrobatikk

Du skal få boltre deg i alt frå trapes, ring, silks, tau og straps, til trampoline og golv, samt par- og gruppeakrobatikk.

🤹‍♂️ Sjonglering

Du får øve på rytme, presisjon og koordinasjon med blant anna ball, kjegler og diabolo.

💪 Trening, trening, trening!

Det blir sirkusspesifikke og målretta styrke-, kondisjon- og mobilitetstreningar for at du skal få progresjon i dei ulike sirkusdisiplinane.

🏄‍♂️ Turar til skjulte perler i nærområdet

Når været er bra tar vi gjerne treningsøkta ute, med turar på fjellet eller surfing i Hoddevika.

💛 Det gode folkehøgskulelivet

Du skal få oppleve det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetar og turar, og møte mange nye menneske.

🌆 Studietur til Europa

Bli med og besøk sirkusskular og opplev sirkuskulturen i Europa!

Dette vil du lære:

Dette året kan bli starten på vidare studiar og der du finn di retning.

  • Akrobatikk: Lær deg teknikkar innanfor trampoline, golv- og luftakrobatikk.

  • Balanse: Du får jobbe med kroppskontroll og kroppsbevisstheit når vi utforskar ulike balanseformer som tight wire, einhjulssykkel, handståande eller rola bola.

  • Sjonglering og koordinasjon: Du lærer å sjonglere med ballar, kjegler og diabolo.

  • Styrke- og bevegeligheitstrening: Du får trene mykje styrke og bevegeligheit for å støtte utviklinga di som sirkusartist.

  • Skadeførebygging: Du lærer korleis du kan trene for å utvikle deg og ta vare på kroppen undervegs. Vi jobbar målretta med styrke, mobilitet og skadeførebygging gjennom heile året.

  • Rigging: Du lærer korleis du monterer og sikrar sirkusutstyr på ein trygg måte. Vi går gjennom alt frå sikkerheitsrutinar til praktisk bruk av tau, oppheng og utstyr.

  • Allmenndanning: Du lærer å sjå deg sjølv, andre og verda rundt deg frå nye perspektiv. Gjennom samtalar og opplevingar blir du utfordra til å tenkje sjølv, vere nysgjerrig og reflektere over det du møter.

  • Personleg utvikling: Du får utfordre deg sjølv, ta ansvar og utvikle deg saman med andre. Gjennom samarbeid, trening, samt å stå framfor eit publikum får du øve på å kommunisere, stole på andre og bli tryggare på deg sjølv.

Ei jente og ein gut gjer parakrobatikk i slynger
Ei jente gjer luftakrobatikk i eit tau

Her får du kunnskap om trening, teknikk og kroppsforståing som du vil ha nytte av i mange samanhengar. I tillegg får du verdifull erfaring frå scena som gjer deg tryggare i større forsamlingar.

To jenter og ein gut smiler til kamera. Jenta til venstre held sjongleringskjegler i handa

Kven passar linja for?

Linja passar for deg som er glad i vere aktiv, likar fysisk trening og å utfordre deg sjølv. Du treng ikkje ha erfaring frå sirkusdisiplinane. Det viktigaste er at du er motivert og engasjert.

Våre forventningar til deg

  • Du vil vere ein god treningskamerat, bidra til god teamspirit og bygge et godt klasse- og skulemiljø.

  • Du møter opp til timane og aktivitetane med ei positiv innstilling.

  • Du er villig til å presse deg sjølv og teste eigne grenser.

  • Forkunnskap er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, ha lyst til å trene og klar for å prøve noko nytt.

Sjekk ut @movementxfjordanefhs på Instagram!

Turar og opplevingar du får vere med på

Møt Veera

Lærar | Movement X Modern Circus

Veera er tidlegare elev på Movement X og kjenner linja frå innsida. Ho er utdanna fysioterapeut, dansar og pedagogisk sirkusinstruktør. Ein perfekt kombinasjon for å hjelpe elevane med både teknikk, kroppskontroll og tryggleik i treninga.

Ho er opptatt av at du skal forstå korleis kroppen fungerer, og at du skal få kjenne på både meistring og glede i utviklinga di.

Når Veera ikkje trenar finn du ho i eit kaldt vatn. Veera diggar nemleg å isbade, etterfulgt av ei varm sauna. Ellers likar ho å bake medan ho høyrer på finsk radio.

Møt Martin

Lærar | Movement X Modern Circus

Martin har bachelorgrad i Circus and Performance Art frå Nederland og mange års erfaring som utøvande artist i det verdskjende sirkuset Cirque du Soleil.

Han er spesialisert i Chinese pole, men meistrar fleire sirkusdisiplinar som luftakrobatikk, akrobatikk, einhjulssykkel og hand-to-hand.

Martin har jobba her sidan 2016, og er kjend for sitt engasjement og evne til å pushe elevane på ein trygg og inspirerande måte. Når han ikkje underviser, spelar han gjerne trompet, surfar eller står på skateboard.

Møt Kristine

Kristine | Elev 2024-2026

– Det faglige nivået på skolen er ekstremt høyt. Jeg har lært så utrolig mye i sirkustimene. Vi trener masse og det er rett og slett dritbra, seier Kristine.

Litt om kvardagen på skulen

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Kva seier elevane våre?

Siste nytt

Bli kjent med oss på Instagram