Valgfag

Du har over 20 valgfag å velge mellom og du kan velge så mange du vil! Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Gasta Design Gasta Design

Fem på topp

Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Prosjekthest

For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Dans

Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Volleyball

Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Foto

Du blir kjend med ditt eige kamera, får prøvd deg på klassiske fotoutfordringar, både framfor og bak kamera. Frå idear til bilde.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Køyring/tømmekjøring

Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Årbok/foto

Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Kunst

Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Strikking

Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Blankvåpen

Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Hest

Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Bakkearbeid/sprangteknikk

Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Filmklubb

Vi ser alt frå klassikarar og dokumentarar til nye seriar og filmar frå heile verda. Undervegs snakkar vi om filmopplevinga, om skodespelarane og filmskaparane sitt handverk, og om kva som gjer ein film verkeleg god.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Redesign

Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Voltige

Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Salmakar

Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.

Les mer