Eit år med vennskap, matlaging og personleg vekst
Fredrik Fauskanger Heggøy | Elev på Bu og Fritid (2022-2024)
Her fekk Fredrik lære å lage sushi ilag med skulen. Foto: Fjordane folkehøgskule
Har lært mykje
– Eg hugsar best linjeturane.
Han fortel at grunnen til at han valde Fjordane folkehøgskule var at vi har tilrettelagt linje og linjer han hadde lyst å gå.
- Eg har lært å vaske kle, lage mat og være hyggelig mot andre mennesker. Det kunne eg frå før, men eg har lært meir om korleis være mot andre.
- Eg anbefaler folkehøgskule for alle som er sosiale!
Han fortel at når han er ferdig på skulen, skal han tilbake på jobb i Kiwi, der han jobba før han starta på Fjordane.