Eline Jacobsen Lillestøl
Eline er musikallærar med brei erfaring frå scenekunstfeltet. Ho brenn særleg for korleis musikkteater kan skape glede, engasjement og nye perspektiv - både for utøvarar og publikum.
Utdanning og erfaring
Eline har ein bachelorgrad i Performing Arts og ein mastergrad i Drama og teater. For tida studerer ho Praktisk-pedagogisk utdanning i scenekunst.
Ho har brei erfaring både på og bak scena, mellom anna som musikalartist, regissør, koreograf, produsent og musikalsk ansvarleg. Ho er ein del av teatergruppa LÆTT Teater, som utviklar og set opp eigenproduserte framsyningar.
Ved sidan av undervisning arbeider Eline som frilans scenekunstnar og er involvert i fleire ulike scenekunstprosjekt. Nyleg hadde ho regi og koreografi på musikalen Shrek i Olavshallen. For tida er ho kunstnarisk ansvarleg for framsyninga Jula blir til, og på nyåret skal ho vidare som regissør og koreograf for Elskhug og Eksis.
Hobbyar og interesser
Ved sidan av arbeidet som scenekunstnar er Eline glad i å halde seg aktiv og vere sosial. Ho trivst godt ute i naturen, set pris på opplevingar saman med vener og familie, og likar å oppleve ulike kulturarrangement. Når ho ikkje sjølv står på eller bak scena, sit ho gjerne i salen.