Thea

Utdanning og erfaring

Med bakgrunn frå dans, pedagogikk og spesialpedagogikk er Thea oppteken av å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar får moglegheit til å utvikle seg, både fagleg, kreativt og personleg. Dans og scenekunst har vore ein viktig del av både utdanninga og arbeidslivet, og interessa for å kombinere det kunstnariske med det pedagogiske har følgt Thea gjennom heile karrieren.

Thea har ein bachelorgrad i dans med pedagogikk frå Norges Dansehøyskole, ein mastergrad i spesialpedagogikk og vidareutdanning i lærevanskar og særskilde behov i eit system- og individperspektiv frå Universitetet i Oslo. I tillegg har Thea praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i scenekunst frå Høyskolen Kristiania.

I dag jobbar Thea som dansepedagog og koreograf, og er også aktiv som utøvande dansar. Ved sidan av undervisning og koreografi arbeider Thea med ulike scenekunstprosjekt, mellom anna for Opera Nordfjord.

Hobby og interesser

På fritida likar Thea å bruke tid på trening, familie og venner. Ho likar også å reise og oppleve nye stader og kulturar, og å vere kreativ gjennom baking, handarbeid eller ved å prøve noko nytt.

Forrige
Forrige

Camilla Hylland Skogheim

Neste
Neste

Brenda