Halvårskurs på Fjordane fhs!

Bruk eit halvt år på det du likar aller best, eller prøv noko heilt nytt!

Her får du spennande linjefag, turar, aktivitetar og nye vener. Bli ein del av folkehøgskulelivet, anten du startar på våren eller hausten.

Til våren 2027 kan du velge mellom desse linjene

Litt om kvardagen på skulen

FAQs

Kva seier elevane våre?

Opplev verda og Noreg saman med oss

  • Filippinene

    På skuleturen til Filippinene får du oppleve eit land fullt av varme menneske, storslått natur og rik kultur. Samtidig møter du sterke kontrastar: Vi besøker barneheimar, slumområde og fengsel, men også kvardagsliv som ferierande turistar i landet.

    Dette er ei reise som du aldri vil gløyme.

  • Europa

    Nokre av linjene reiser på sin eigen studietur til Europa. Tidlegare har vi besøkt land som Frankrike, Austerrike, Italia, Portugal, Island, Danmark og Storbritannia.

  • Norge

    Du treng ikkje reise langt for å få store opplevingar. Vi har mange skjulte perler vi gjerne vil vise deg. Du får bli med på mange kortare turar i Nordfjord og rundt om i Norge, både med linja og saman med heile skulen.

Mat du vil digge

På Fjordane Folkehøgskule er maten meir enn berre mat. Det er matglede, god stemning og skikkeleg digge smakar.

Kvar dag bakar kokkane våre ferske brød og bollar, og dei tryllar fram digge måltid som ofte er laga av kortreiste og lokale råvarer. Det er fint for oss, og fint for miljøet.

Det neste året kan du glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen.

Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Møt stjernene på kjøkkenet vårt

  • Møt Khang | kjøkkensjef

    Khang er kjøkkenleiaren vår som har jobba på anerkjente restaurantar i Bergen, Paris, Amsterdam og København. Khang har ein lidenskap for smakar frå heile verda, og kjem garantert til å overraske deg med noko nytt.

    Og veit du kva? Khang elskar å grille! Du kan derfor glede deg til digg street food og spennande smakar! Når han elles ikkje mekkar deilig mat eller spring etter dei tre borna sine likar han å slappe av i sofaen med anime og tv-seriar.

  • Anna-Rita | kokk

    Med snart 30 år fartstid på Fjordane er det ingen som kjenner kjøkkenet betre enn ho. Denne dama lagar mat som får deg til å føle deg heime, anten det er nybakte brød til frukost eller eit varmt og godt måltid etter ein aktiv dag.

    Når ho ikkje står og smilar over kjøkkengrytene, er det godt mogleg du finn ho i skogen med ei fiskestang i den eine handa og fotokameraet i den andre.

Har du spørsmål?

Om du har alt frå praktiske spørsmål til korleis det er å vere elev med oss, så ikkje ver redd for å spørje. Vi er her for å hjelpe deg!

Er du klar for å skape ditt beste år saman med oss?