
Vil du utvikle deg innan hestefaget? Her får du eit heilt år med fjordhesten i fokus.
Drøymer du om å jobbe med hest og vil utvikle deg innan sprang, dressur, køyring eller feltritt?
Kvifor velge Fjordane folkehøgskule?
-
Tren med dei beste
Med oss får du lære av dyktige og engasjerte lærarar med brei erfaring innan riding, køyring, hestevelferd og pedagogikk. Vi samarbeider tett med Norsk Fjordhestsenter, som gir deg tilgang på høg fagleg kompetanse, gode fasilitetar og nokre av dei finaste fjordhestane i landet.
Du får konstruktive tilbakemeldingar, mykje praksis og tett oppfølging. Her blir du utfordra og støtta på ein måte som gjer deg tryggare og betre rusta for å ta neste steg i hestefaget
-
Fjordhesten i fokus
Fjordhesten er kjent for sitt gode lynne, styrke og karakter. På Fjordane folkehøgskule får du jobbe tett med desse hestane kvar dag, saman med andre godt trente og trygge hestar.
Gjennom daglege rutinar, målretta trening og god kommunikasjon byggjer du tett relasjon med hesten, enten du sit på hesteryggen, leier frå bakken eller køyrer i vogn. God hestevelferd ligg alltid til grunn, og vi legg vekt på tillit og ro, med tydeleg og respektfull leiing.
-
Frå lidenskap til yrke
Har du eit mål om å bli instruktør, hesteterapeut, veterinær eller jobbe i eigen stall? Dette året gir deg eit solid fundament for å utvikle deg vidare. Du får fleire hundre timar med praktisk erfaring, der du vil lære å reflektere over eiga utvikling og få utforske ulike retningar innan hestefaget i trygge rammer.
Dette er eit år som styrkjer både kompetanse, sjølvtillit og motivasjonen, og som gir deg innsikt i kva retning som kan passe deg vidare.
-
Naturen rett utanfor døra
Fjordane folkehøgskule ligg på Nordfjordeid, som er heimstaden til fjordhesten. Her er du omgitt av fjordar, fjell og skog, med ridestiar, turvegar og klatremoglegheiter rett utanfor døra.
Enten du vil ri i terrenget, gå på ski, utforske naturen frå beina eller ta sykkelen fatt, så byr kvardagen her på eit variert friluftsliv i eit landskap som gir deg pusterom og overskot.
-
Eit skuleår som kjennest som heime
Du blir del av eit støttande skulemiljø der alle kjenner kvarandre og der kvardagen er prega av varme, humor og fellesskap. Her et vi måltida saman, tek ein filmkveld i sofaen, og gjer kjekke ting saman, som vil bidra til å byggje relasjonar som ofte kan vare livet ut.
Konkurransepresset blir bytt ut med meistring, glede og trygge rammer, både i stallen og på skulen.
-
Lite avtrykk. Stor påverknad.
Vi bryr oss om korleis vi lever og korleis vala våre påverkar verda. Difor reiser vi med omtanke, handlar lokalt når vi kan, og jobbar for å lære bort gode rutinar i stallen.
Anten vi går på fjelltur i nærmiljøet eller reiser til Filippinane, ønskjer vi å etterleve å legge lite avtrykk, men ha stor påverknad.
FAQs
-
På folkehøgskulane er det lysta til å lære som er viktigast. Her er det motivasjonen til elevane som står i sentrum, ikkje karakterar eller eksamenar. Vi trur du lærer mest når du verkeleg vil.
Som elev bur du på skulen saman med dei andre. Du deler kvardagen med medelevar, og mykje av det du lærer skjer utanfor klasserommet.
Vi har også plass til elevar frå andre land. Dei gir oss nye perspektiv og bidreg til eit mangfald som gjer skuleåret rikare for alle.
-
Nei, du treng ikkje ta med eigen hest. Vi har gode skulehestar, blant anna mange fjordhestar, som passar til ulike nivå og disiplinar. Du blir sett saman med hestar som passar til erfaringa di og det du vil utvikle deg i.
-
Du bør helst ha litt erfaring frå før, til dømes med stell, handtering og riding. Du treng ikkje vere vidarekomen, men dette er ikkje eit nybyrjarkurs. Det viktigaste er at du er motivert, nysgjerrig og har lyst til å lære. Då kjem du langt.
-
Ja! Dei fleste skulehestane våre er fjordhestar, men vi har òg nokre andre raser. Sidan vi samarbeider tett med Norsk Fjordhestsenter, får du møte og lære av nokre av dei beste fjordhestane i landet.
-
Du har om lag 25 timar i veka med riding, køyring, stallarbeid og teori. I tillegg deltek du i daglege stallrutinar og stell av hest, slik at du får mykje praktisk erfaring kvar einaste dag.
-
Dette er for unge vaksne mellom 18 og 28 år som:
Har erfaring med hest og ønskjer å bli endå tryggare og dyktigare.
Vil ha praktisk trening, faste rutinar og ein kvardag med fagleg innhald.
Er nysgjerrige, lærevillige og klare for å utvikle seg.
Ønskjer å førebu seg til vidare studiar innan veterinærfag, trening, terapi eller landbruk.
-
Skuleåret varer frå midten av august til midten av mai, og følger den vanlege folkehøgskulekalenderen.
-
Ja. Mange av elevane våre går vidare til studiar innan hestefag, veterinærmedisin, dyreterapi eller instruktørutdanning. Dette året gir deg både verdifull praksis og eit betre grunnlag for å finne ut kva retning som passar for deg.
-
Du vil bu i ein felles studentpaviljong saman med andre elevar. Her deler de fasilitetar, og det er eit sosialt og inkluderande bumiljø. Sjå bilete og meir informasjon her.
-
Du finn oppdatert prisinformasjon her: https://www.fjordane.fhs.no/pris
Prisen gjeld for heile skuleåret og inkluderer alt frå mat og bustad, reiser i Noreg, og alle kostnader knytt til undervisning og aktivitetar. Beløpet blir delt opp i åtte like månadsbetalingar frå september til april.

Kva seier våre elevar og familiane deira?
Opplev verda og Noreg saman med oss
-
Filippinene
På skuleturen til Filippinene får du oppleve eit land fullt av varme menneske, storslått natur og rik kultur. Samtidig møter du sterke kontrastar: Vi besøker barneheimar, slumområde og fengsel, men også kvardagsliv som ferierande turistar i landet.
Dette er ei reise som du aldri vil gløyme.
-
Europa
Kvar linje reiser på sin eigen studietur til Europa og du får vere med å bestemme kvar. Tidlegare har vi besøkt land som Frankrike, Austerrike, Italia, Portugal, Island, Danmark og Storbritannia.
-
Norge
Du treng ikkje reise langt for å få store opplevingar. Vi har mange skjulte perler vi gjerne vil vise deg. Du får bli med på mange kortare turar i Nordfjord og rundt om i Norge, både med linja og saman med heile skulen.
Her får du kortreist og skikkeleg digg mat kvar dag!
Her er nokre av folka du vil bli kjent med
Har du spørsmål?
Om du har alt frå praktiske spørsmål til korleis det er å vere elev med oss, så ikkje ver redd for å spørje. Vi er her for å hjelpe deg!
