Fjordane folkehøgskule var startskotet på sirkuskarriera for Andreas
Andreas Fiskum Vatne | Elev på Movement X - Modern Circus 2013-2015
For snart femten år sidan tok Andreas Fiskum Vatne sjansen på noko heilt nytt og søkte plass på den einaste sirkuslinja i Noreg. I dag jobbar han som sirkusartist og sirkuslærar på Kulturskulen i Trondheim.
Enhjulssykkel er eit klassisk sirkusfag. Det krev både balanse, styrke og mykje øving. Andreas meistrar det svært godt.
Fann kombinasjonen han ikkje visste eksisterte
Då søknaden til Movement X - Modern Circus på Fjordane folkehøgskule vart sendt i 2012, var det med ei blanding av nysgjerrigheit og usikkerheit. Før folkehøgskulen dreiv han både med idrett og musikk. Sirkus hadde han aldri prøvd.
– Eg tok sjansen. Det viste seg å vere ein veldig god kombinasjon av idrett og kunst. Det var noko med den balansen som traff meg skikkeleg. Det passa meg betre enn forventa.
Andreas gjekk to år på Fjordane folkehøgskule, det andre året som stipendiat. Sirkuslinja gav han rom til å trene mykje. Friheita til å trene, feile, prøve igjen og øve saman med andre, la grunnlaget for det som skulle kome vidare.
Kom inn på sirkusutdanning i Finland
Etter to år på Fjordane folkehøgskule, freista det med meir. Andreas tok motet til seg, søkte på ei treårig sirkusutdanning i Finland og kom inn.
– Eg trur ikkje eg hadde kome inn utan åra på Fjordane.
I dag er sirkus blitt arbeidskvardagen til Andreas, som jobbar som sirkusartist og sirkuslærar ved Kulturskulen i Trondheim.
– Sirkus er jobben min no. Det eg lærte på Fjordane folkehøgskule, har eg hatt bruk for kvar einaste dag sidan eg reiste derifrå.
Men det faglege var berre ein del av det.
– Det sosiale, det å bu saman med andre og det å bli meir sjølvstendig, var også viktig for meg.
Det sosiale miljøet sette spor, og fleire av vennskapa frå denne tida har han framleis.
Frå stille til trygg i fellesskapet
Åra handla ikkje berre om teknikk og trening. Frå å vere ganske stille og lite snakkesalig, skjedde det ei endring med Andreas.
– Før var eg ganske stille, men her vart eg meir sosial. Eg kjende meg som ein del av noko større.
Skulen gav han tryggheit og faste rutinar. Når Andreas skal trekke fram det beste minnet frå tida si på Fjordane, er det vanskeleg å velje berre eitt.
– Det må vere det å øve sirkus i hallen nesten så lenge eg ville. Og alle menneska eg blei kjent med.
Eit startskot framfor eit pauseår
Nokre tenkjer at folkehøgskule er eit friår. For guten frå Sør-Trøndelag vart det noko meir. Det vart eit år som gav han retning vidare i livet. I staden for å gå rett vidare på studium etter vidaregåande, fekk han tid til å kjenne etter. Prøve noko nytt og finne ein ny lidenskap. Ei retning som faktisk passa han.
– Det vart startskotet mitt. Etter det har eg sykla på einhjulsykkel vidare, seier han med eit smil om munnen.
Andreas sette også pris på strukturen i kvardagen.
– Eg likte dei faste rutinane. Det gav meg ro, samtidig som eg fekk utvikle meg fagleg. Her fekk eg halde på med noko eg verkeleg likte.
Rådet til dei som vurderer Fjordane folkehøgskule
– For meg var det veldig viktig å få desse åra. Eg fekk kvile hovudet litt, gjere noko eg likte og møte menneske frå både Noreg og utlandet.
Nokre val kan kjennast både skumle og små når dei blir tekne. Nesten femten år seinare har akkurat dette valet vist seg å vere starten på ei karriere innan eit fagfelt som Andreas brenn for.