Maya når måla sine raskare enn forventa

Maya Lockyer Brevik | Elev og stipendiat | Movement X Modern Circus (2024–2026)

Å utvikle seg saman med andre som er opptatt av trening er noko som Maya set stor pris på.

Eit år med rask utvikling, mykje latter og gode samtalar

– Eg har lært mykje fagrelevant innanfor sirkus, slik eg håpa. Men eg har lært mykje anna òg!

For Maya var det første året på Fjordane folkehøgskule eit år med målretta jobbing med sirkusfaget, samtidig som det gav rom for å bli betre kjent med seg sjølv og menneska rundt.

– Første året var eit utruleg produktivt år. Eg har lært mykje om meg sjølv, om andre, og om korleis eg kommuniserer. Eg har blitt tryggare på å stå i kven eg er.

Valget av Fjordane folkehøgskule var enkelt

– Hovudgrunnen var sirkuslinja. Eg hadde også to vener som gjekk sirkus her før meg som var fornøgde, og det var slik eg fekk høyre om linja.

På sirkuslinja Movement X Modern Circus handlar det mykje om utvikling, både individuelt og i fellesskap.

– Det eg likar aller best, er sjølvutviklinga. Med hjelp frå Veera, som er ein utruleg flink lærar, ein god klasse og mykje ny motivasjon har eg utvikla meg sjukt fort. Eg når måla mine raskare enn eg nokon gong trudde var mogleg.

Maya er tydeleg på at utviklinga heng tett saman med miljøet rundt.

– Å utvikle seg saman med andre som likar trening og sirkus, betyr alt. Det hadde aldri vore mogleg å gjere det åleine.

Kompetente lærarar

Lærarane spelar ei sentral rolle i kvardagen, og Maya trekker særleg fram Veera.

– Veera er fagleg sterk på ein måte som gjer at du ikkje berre gjer som du får beskjed om, men du forstår kvifor du skal gjere det slik. Ho er også ekstremt flink sjølv, og det er skikkeleg inspirerande å sjå. I tillegg er ho hyggeleg, forståingsfull og lett å snakke med. I tillegg står ho for mykje av latteren i timane.

Eitt minne frå året sit ekstra sterkt igjen.

– Ein kveld sat vi i aulaen etter kveldsmat og snakka om absolutt alt og ingenting. Plutseleg var klokka blitt 23 og bygget skulle låsast, men læraren som hadde tilsyn slo seg ned for å ta ein prat med oss på mattene.

Samtalen heldt fram.

– Vi låg og snakka alt som falt oss inn. Det var utruleg koseleg. Det var første gong eg verkeleg kjende ei sterk tilknyting til folka rundt meg. Tida gjekk og vi vart sittande til langt på natt.

Når Maya ser tilbake på året, er det fleire andre opplevingar å trekke fram.

– Mange av favorittminna mine handlar meir om kvardagen. Det å ete middag saman, trene på kveldstid eller å stå bak kaffibaren Bønna saman med Rebekka og danse til musikken og snakke med andre folk som har andre interesser enn meg. Det høyrest kanskje vanleg ut, men her blir det noko heilt anna. Kvardagane på Fjordane er ganske spesielle og utruleg fine.

For Maya vart året på Fjordane meir enn eit skuleår.

– Det vart ein stad der eg fekk utvikle meg raskt, le mykje og bli skikkeleg glad i menneska rundt meg.

Når Maya skal beskrive året med tre ord er det: Sjølvutvikling. Kvardagar. Moglegheiter.

Til deg som vurderer Fjordane folkehøgskule, har Maya eit godt råd:

– Ver open for nye inntrykk og synspunkt. Ikkje hald deg sjølv tilbake. Året går så utruleg fort at du berre må ta sjansane som kjem.

Og kanskje det aller viktigaste:

– Du kjem uansett til å sjå tilbake og tenke at du skulle ha gjort endå meir. Så berre køyr på. Prøv alt. Helst noko heilt nytt, sjølv om du trur du ikkje kjem til å like det. Ikkje ver så sjølvkritisk. Du må tørre å gå på tryne, le av deg sjølv og gå vidare. Her er høgt under taket og plass til alle. Variasjonen i linjene gjer at elevgruppa her er mangfaldig og du vil bli kjent med mange nye fine mennesker.

 

Neste
Neste

Friluftsliv gav nye utfordringar, meistring og minner for livet