Friluftsliv gav nye utfordringar, meistring og minner for livet
Katinka Wang Larsen | Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors (2023-2024)
Frå Nordfjordeid har elevane kort veg til nokre av dei beste av naturopplevingane i landet. Foto: Fjordane folkehøgskule
Nye interesser i trygge rammer
Publisert: 11.11.2025
Året har vore fullt av små augeblikk og store naturopplevingar– alt frå surfing i Hoddevika, overnattingsturar i telt og snøhole, til spektakulære toppturar, seier Katinka Wang Larsen (21).
Drammensjenta gjekk linja Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors på Fjordane folkehøgskule. Her lærte ho seg førstehjelp, samband, søk og redning, og å navigere seg i krevjande terreng.
– Det er rått å stå på ein fjelltopp og vite at eg kan ta ansvar om uhellet er ute. Her får du prøve nye interesser i trygge rammer og utvikle deg sjølv. Året har gjort meg meir trygg, og gjort det enklare å kaste meg ut i det ukjente, seier Katinka.
Katinka anbefaler alle å prøve eit år på Fjordane folkehøgskule. – Eg har hatt det veldig gøy og lært utruleg masse, avsluttar Katinka.
Her er Katinka på randonee-tur på Vedviknibba.