Olivia ville ha ei pause frå skulebenken
Olivia Bjørge | Elev og stipendiat | Hest og rytter 2024–2026
– Eg er utruleg glad i fjordingar, og det var heilt klart ein av grunnane til at eg valde akkurat Fjordane folkehøgskule, seier Olivia.
Mykje hest og mykje nytt
– Eg har lært utruleg mykje om utruleg mykje!
For Olivia vart første året på Fjordane folkehøgskule eit år der ho sa ja til det meste. Alt ho var nysgjerrig på innan valgfag og aktivitetar, skulle testast.
– Det gjorde at eg fekk lære masse om tema og ting eg hadde lyst til å teste, men også ting som eg aldri hadde vurdert før.
Valget av Fjordane kom etter eit behov for å trekke pusten.
– Eg trengte ei pause frå skulebenken. Eg ville vere meir ute, og få eit år med meir fagleg innhald rundt hest.
Kjærleiken til fjordingen spelte òg ei rolle.
– Eg er utruleg glad i fjordingar, og det var heilt klart ein av grunnane til at eg valde akkurat Fjordane folkehøgskule.
På hestelinja har Olivia fått brei og praktisk kunnskap om hest, og sjansen til å prøve mykje forskjellig.
– Det eg likar best, er at vi får lære om alt innan hestefaget. Og vi har gjort mykje gøy! Halsring, snørekøyring, arbeidssele og mounted games er berre noko av det vi har fått testa oss på.
Lærarane beskriv ho som ein viktig del av kvardagen.
– Dei er kompetente og allsidige. Vi lærer mykje nyttig. Samstundes får vi også vere kreative og utforske på vår eigen måte.
Eitt minne står ekstra sterkt igjen
– Juletrehentinga. Vi tok med hestane i arbeidssele og kløv for å frakte juletrea ned til skulen. Elevane på friluftsliv og viking var også med. Vi møttest ved gapahuken, tende bål og drakk kakao. Det var vinter, snø og sol, og ei heilt spesiell stemning som eg vil huske lenge.
Utanom det faglege, trekker Olivia fram tre opplevingar som har gjort kvardagen på Fjordane ekstra minnerik:
Bading i sentrum
Elevkveldane
Buldring på Hamna
Tre ord oppsummerer året slik: Kunnskapsrikt. Spennande. Utfordrande
Til deg som vurderer Fjordane folkehøgskule, har Olivia eit heilt klart råd:
– Pakk med ein paraply og nokre strikkepinnar. Det blir dritbra!
Eitt av minna som står ekstra sterkt igjen hos Olivia er juletrehentinga ein nydeleg vinterdag i desember. Ho har også fått tid til å utforske nye måle- og teikne teknikkar på valgfag kunst, og hatt ein kvardag fylt med hest.